Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne (haust)
Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld eitt frittståande emne som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med ensembleleiing (MUS208).
Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning. For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg.
Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.
Studenten kan
- dirigere og leie eit ensemble (MUS 208)
Studenten har
- kunnskapar om ulike teknikkar, innstuderingsmetodikk og repertoarvalg (MUS 208)
Studenten kan
- planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og grunngi faglege val (MUS 208)
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheter på ein sjølvsendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til kritisk refleksjon og kritisk tenkning i utdannings- og yrkessamanheng
- Praktiske øvingar i plenum og grupper
- Teoretisk arbeid
- Førelesingar
Emne | 2022 Haust |
---|---|
Haust 2022 kan du velje mellom: | |
15 | |
Sum (15 total) | 15 |