See list of study plans starting on:

Musikk, opne fordjupingsemne (haust)

Studieprogram: 
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
12
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført minimum 30 studiepoeng i musikk fra HVO eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar. 
Emna har ulike forkrav – sjå emneplanane.

Om studiet

Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld tre frittståande emne som kvar for seg er fordjupingsstudium og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med eitt eller fleire av fylgjande hovudområde: arrangering (MUS 212) utøving og formidling 1 (MUS 201) og ensembleleiing (MUS 208).

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning. For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg.

Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.

Læringsutbytte

Studenten kan

  • dirigere og leie eit ensemble (MUS 208)
  • utøve musikk på eit musikkinstrument eller song, individuelt og i ensemble (MUS 201)
  • tilretteleggje og gjennomføre musikkundervisning i kulturskulen og frivilleg verksemd (MUS 201)
  • arrangere musikk for ulike musikkinstrument, vokal og til ulike enseble (MUS 212)
Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskapar om ulike teknikkar innanfor arrangering og ulike termar og omgrep  (MUS 212)
  • kunnskapar om ulike teknikkar, innstuderingsmetodikk og repertoarvalg (MUS 208)
  • kunnskapar om ulike metodar innan instrumental og vokal undervisning, musikk og helse, musikk og identitet (MUS 201)
Ferdigheiter

Studenten kan

  • arrangere og instrumentere for ulike typar instrument og enseble (MUS 212)
  • planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og grunngi faglege val (MUS 208)
  • utøving av instrumental og vokal musik, og tilrettelegging og gjennomføring av undervisning (MUS 201)

 

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheter på ein sjølvsendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til kritisk refleksjon og kritisk tenkning i utdannings- og yrkessamanheng

Organisering og arbeidsmåtar

- Praktiske øvingar i plenum og grupper

- Teoretisk arbeid

- Førelesingar

- individuell undervisning på musikkisntrument/song

 

Opne fordjupingsemne i musikk (haust)
Navn: 
Opne fordjupingsemne i musikk (haust)
Informasjon

I Opne fordjupingsemne (Haust) Kan du velje emna Utøving og formidling 1 (MUS 201), Ensembleleiing (MUS 208) og Arrangering (MUS 212)

- Arrangering (MUS 212) handlar om å arrangere og instrumentere for ulike musikkinstrument og ensemble

- Ensembleleiing (MUS 208) gjev ei praktisk- teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble

- Utøving og formidling 1 (MUS 201) Er retta mot ferdigheitar på hovudinstrument og song, og undervisning og tilrettelegging av verksemd i kulturskule og det frivillege musikkliv

 

Emne2019 Haust
Valemne
15
 
15
 
15
 
15
Praksis

Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Instrumentaldidaktikk.

Anna
Ved val av fleire emne kan det oppstå timeplankollisjonar. Ta kontakt med studieprogramansvarleg for å avklare dette.
Ansvarleg
Svein Hunnes