See list of study plans starting on:

Norsk 2: Nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn, nettstudium, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Norsk 2, nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Om studiet

Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa, og er 30 studiepoeng vidareutdanning for lærarar.

Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Læreplanen.

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk og litteratur spesielt
  • språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
  • vurderings- og rettleiingsstrategiar i elevtekstar på nynorsk
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
  • nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk
  • nynorsk barne- og ungdomslitteratur og litteraturformidling
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Generell kompetanse

Studenten skal

  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • ha kjennskap til og kunne bruke relevante digitale ressursar i undervisninga
  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar. Sjå emnetabell.

Studiet skal formidlast gjennom lesing av leksjonar, lesing av pensum og skriftleg refleksjon over dette. Deltakarane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.

Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk.

Norsk 2: Nynorsk i opplæringa, nettstudium, Kompetanse for kvalitet 8-13
Navn: 
Norsk 2: Nynorsk i opplæringa, nettstudium, Kompetanse for kvalitet 8-13
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Datamaskin med Internett.

Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet

Ansvarleg
Gudrun Kløve Juuhl