Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Fagområdet spesialpedagogikk er omfattande med tradisjon for både breie og allmenne tilnærmingar og mange ulike spesialiseringar. Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialundervisning i skulen.
Studiet har som utgangspunkt at opplæringa i skulen skal ha inkludering som ideal og vere grunnlagt i ei klar og kritisk vitskapleg tilnærming til fagfeltet. Det blir lagt stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir ei forskingsbasert innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare og forstå behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak. Ved gjennomført studium skal lærarar i grunnskulen vere betre i stand til både å meistre utfordringar i klasseromma og å kunne gje god og adekvat spesialundervisning for dei som har enkeltvedtak med særleg vekt på dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa. Studiet er delt inn i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna tek for seg vanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk og læringsmiljø og åtferd.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha:
• inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering, utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne
• gode og forskingsbaserte kunnskapar om korleis møte og gje opplæring til elevar med dei mest vanlege forklaringane på behovet for spesialundervisning: utfordringar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, læringsmiljø og åtferd.
Studenten skal kunne:
• legge til rette for ein inkluderande fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte
• legge til rette for ei god opplæring til elevar med dei mest vanlege forklaringane på behovet for spesialundervisning: utfordringar knytt til språk, lesing, skriving og matematikk, læringsmiljø og åtferd.
Studenten skal kunne:
på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
Studiet er delt inn i to emne:
Emne 1: Spesialpedagogikk: læringsmiljø og åtferd.
Emne 2: Spesialpedagogikk: språk, matematikk og leseutvikling.
Kvart av emna går over eit semester: Emne 1 i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.
Emne | 2022 Haust | 2023 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon