Spesialpedagogikk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Fagområdet spesialpedagogikk er omfattande med tradisjon for både breie og allmenne tilnærmingar. men også mange ulike spesialiseringar. Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei og allmenn innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialundervisning i skulen.
Studiet har som utgangspunkt at opplæringa i skulen skal ha inkludering som ideal og vere grunnlagt i ei klar og kritisk vitskapleg tilnærming til fagfeltet. Det blir lagt vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i elevgruppa under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir ei forskingsbasert innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare og forstå behov for spesialpedagogiske tiltak. Ved gjennomført studium skal lærarar i grunnskulen vere betre i stand til både å meistre utfordringar i klasseromma, og å kunne gje god og adekvat spesialundervisning for elevar som har enkeltvedtak med særleg vekt på dei mest frekvente vanskane. Studiet er delt inn i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna tek for seg vanskar knytt til læringsmiljø og åtferdspråk, og til lesing, skriving, matematikk .
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten:
- skal ha inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering, utvikling, læring og undervisning av elevmangfaldet
- skal ha gode og forskingsbaserte kunnskapar om korleis møte og gje opplæring til elevar med utgangspunkt i dei mest vanlege forklaringane for kva som skaper behov for spesialundervisning. Dette er utfordringar knytt til læringsmilj, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk
Kandidaten:
- skal kunne legge til rette for ein inkluderande fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte
- skal kunne legge til rette for ei god opplæring til elevar med dei mest frekvente årsakene som skaper behov for spesialundervisning: utfordringar knytt til læringsmiljø, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk
Kandidaten:
- skal på eit vitskapleg grunnlag kunne vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
- vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen pedagogiske praksis
Studiet er delt inn i to emne:
Emne 1: Spesialpedagogikk: læringsmiljø og åtferd.
Emne 2: Spesialpedagogikk: språk, matematikk og leseutvikling.
Kvart av emna går over eit semester: Emne 1 i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon