See list of study plans starting on:

Barnehagekunnskap - master (deltid)

Studieprogram: 
Barnehagekunnskap - master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 studiepoeng) innanfor følgjande utdanningsvegar:

• Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning
• Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning
• Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning med relevant fagkrets

Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog eller anna minimum treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter ei særskilt vurdering. 

Opptak til avsluttande oppgåveemne:

Studentar må ha karakteren C eller betre i snitt frå dei fire første obligatoriske emna for å kunne ta til på emne BLUMG305 (Vitskapsteori) og BLUMG306 (Masteroppgåva).

Om studiet

Masterutdanninga er på 120 studiepoeng og går over åtte semester. Studiet er profesjonsretta og profilen til studiet er ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø der perspektiv på både samfunn, profesjon og barn vert lagt vekt på.  Målet er at den profesjonelle barnehagelæraren skal utvikle miljøet i barnehagen for å gi gode vilkår for barns trivsel, utvikling og læring. Tema blir sett inn i ein historisk og notidig samanheng der studentane skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.
 

Studiet er delt inn i fire barnehagefaglege emne, kvart på 15 studiepoeng. Rekkefølgja på emna kan variere dersom kull vert slått saman på grunn av få søkjarar. Til saman gir emna utvida og utdjupa perspektiv på arbeidet i barnehagen. I emnet BLUMG301 Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv vert studentane kjende med overordna organisatoriske og strukturelle perspektiv på arbeidet i barnehagen. Desse vert konkretiserte og operasjonaliserte til utfordringar knytte til profesjonalitet i emnet BLUMG302, Barnehagen som lærande organisasjon og til læringsmiljø i emnet BLUMG303, Barnehagens læringsmiljø. Emnet BLUMG304  Utforsking i barnehage og nærmiljø handlar om utforsking, natur og miljø, og tek føre seg utforsking saman med barn gjennom ulike opplevingar i barnehagen og nærmiljøet. Emnet tek utgangspunkt i utvalde case med basis i berekraft og utforsking knytte til barn sine sanseerfaringar. Alle emna er forskingsbaserte og studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori i emna. Dette er spesielt lagt vekt på i emnet BLUMG303 der studentane skal gjennomføre eit feltarbeid og i emnet BLUMG304 der studentane gjennomfører designbasert forsking. I tillegg er emnet BLUMG305, Vitskapsteori og metode, eit eige emne på 15 studiepoeng. Emnet skal gi studentane grunnlag for å gjennomføre eigne forskingsarbeid på masternivå.

Emnet BLUMG306 Masteroppgåva er på 45 studiepoeng og avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Oppgåva skal ha en klar relevans til arbeidet i barnehagen. Vesentlege deler av kunnskapsgrunnlaget skal vere henta frå forsking om barnehagefeltet, eller ha tilknyting til innhaldet i dei faglege emna. Arbeidet med masteroppgåva stiller høge krav til metode og forskingsetikk, og studentane skal videreutvikle den metodiske spisskompetansen dei treng gjennom dette arbeidet.

Emna går i hovudsak over eit semester, med 4 til 5 samlingar per emne i Volda. Kvar samling er på to til tre dagar. BLUMG306 (masteroppgåva) har færre samlingar og går over tre semester.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentene følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.

Kunnskapar

Studenten

• har avansert kunnskap om sentrale og utvalde tema om barn og det barnehagepedagogiske fagområdet, og spesialisert innsikt i barnehagens læringsmiljø
• har inngåande kunnskap om relevant forsking, vitskapleg tenkemåte, forskingsmetodar og etikk med relevans for det barnehagefaglege området
• kan anvende kunnskap på nye område om korleis møte utfordringar knytte til profesjonalitet og barns oppvekstmiljø
• kan analysere faglege problemstillingar ut frå perspektiv knytt til barnehagens historie, tradisjon, eigenart og samfunnsoppdrag

Ferdigheiter

Studenten

• kan analysere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder som ulike program, litteratur og debattinnlegg, og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
• kan analysere sentrale teoriar, metodar og tolkingar innan barnehagefeltet og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
• kan anvende relevante metodar frå forskingsarbeid og fagleg utviklingsarbeid, åleine og i samarbeid med andre, for kontinuerleg utvikling av egen og barnehagen sin kollektive praksis
• kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- og utviklingsprosjekt under rettleiing, i samsvar med forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

• kan analysere relevante fag, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
• kan anvende kunnskap og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knytte til barnehagefeltet
• kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre barnehagefagleg terminologi
• kan kommunisere om fagleg problemstillingar, uttrykksformer og forskingsfunn innan barnehagefeltet, både til fagfolk, andre samarbeidspartnarar og andre

Organisering og arbeidsmåtar

Det organiserte læringsarbeidet vil gå føre seg på Høgskulen i Volda og gjennom digitale plattformer.

Alle emna er obligatoriske og må gjennomførast for å få godkjent studiet master i barnehagekunnskap.

Studentar tek til på masteroppgåva semesteret etter at dei har teke emnet Vitskapsteori og forskingsmetode. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode. 

Studentane vil møte varierte arbeidsmåtar gjennom studiet. Studentaktive læringsformer og digitale læringsplattformer som Canvas, Zoom og Teams vil bli nytta. Det vert gjennomført arbeid i grupper, seminar med presentasjonar og tilbakemelding på tekst, case mm. Knytt til arbeidet med masteroppgåva vert det gjennomført to samlingar med seminar. Andre arbeidsmåtar i studiet er litteraturstudiar, rettleiing, feltarbeid og anna datainnsamling, og arbeid med kronikk og akademisk poster. 

På eit mastergradsstudium vil ein vesentleg arbeidsmåte vere knytt til individuell oppgåveskriving med rettleiing, og arbeidet med masteroppgåva krev stor grad av sjølvstende. 

Barnehagekunnskap - master (deltid)
Navn: 
Barnehagekunnskap - master (deltid)
Informasjon

Det vert lagt til rette for eit utanlandsopphald andre semester 2. studieår.

Internasjonalisering

Det vert lagt til rette for eit utanlandsopphald 2 semester 2. studieår.

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes