Digital kompetanse i barnehagen - Kompetanse for fremtidens barnehage
Studiet er tilrettelagt for barnehagetilsette som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet, og desse får først opptak.
I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planleggje, gjennomføre og evaluere bruk av digitale verktøy i barnehagen. Studiet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast. I dette ligg individuell utvikling men også utprøving og erfaringsdeling og evaluering i eige kollegium.
Første delen av studiet fokuserer på å gi praktiske ferdigheiter, med høve til å fordjupe seg i verktøy og metodar som er relevante for eigen kvardag i barnehagen. Bruken av digitale verktøy står i barnehagen i ein pedagogisk kontekst som bygg på rammeplanen, og studentane utvider difor eigen kunnskap om og øver seg i å dokumentere korleis teknologien kan gi meirverdi til borna sin leik og læring.
Teknologiske nyvinningar som kan ha nytteverdi i barnehagen, meir eller mindre nyanserte perspektiv på barn og teknologi i media og blant føresette, barnehage-heim-relasjon som vert utfordra og utvikla av det digitale, er nokre døme på korleis barnehagelæraren i dagens barnehage må øve og utøve etisk og kritisk digital vurderingsevne. Dette krev både kunnskap og praktiske ferdigheiter, og studiet utviklar begge deler. I lys av grunnleggande prinsipp for heilskapleg læring i barnehagen, som leik, omsorg og danning, gir studiet studentane forskingsbasert og praksisnær kompetanseutvikling, med eigen arbeidsplass som ein del av læringsarenaen. Studentane skal planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen.
Studiet har eit særleg fokus på utvikling av ein kreativ og skapande digital praksis og kompetanse i barnehagen. Studiet er lagt opp til tett fagleg oppfølging, diskusjonar og moglegheit for samarbeid eller individuelt arbeid etter eige ønske. Fleire mindre arbeidskrav byggjer til saman vurderingsmappa ein til slutt leverer til eksamen. Undervegs får ein framovermeldingar frå medstudentar og faglærarar. Arbeidskrav i studiet er tett knytta opp mot eigen praksis og aktivitetar utført ved eigen arbeidsplass gjennom studiet.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal
- kjenne og anvende forskingsbasert kunnskap til å analysere og utøve kreativ og skapande praksis i barnehagen
- vurdere PFDK som del av barnehagen sitt samfunnsmandat
- kjenne sentrale rammer som regulerer digital praksis, og anvende desse i kollektive læringsprossar
- kjenne og ta omsyn til moderne barndom i mediesamfunnet og utrede konsekvensar for digital praksis som del av ei heilskapleg tilnærming til borna si utvikling.
Studenten skal kunne
- produsere, vurdere, evaluere og tilpasse bruk av ulike teknologiar og medium for ein variert barnehagepraksis i tråd med rammer som regulerer digital praksis
- legge til rette for utforsking, leik og skapande prosessar for barna i barnehagen, gjennom rik og variert praksis.
- produsere, vurdere og evaluere kollektive læringsprosessar i barnehagen
Studenten skal kunne
- utforske og ta ansvar for kreativ og skapande bruk av digitale verktøy
- vise evne til digital dømmekraft, innsikt i mediesamfunnet og evne til å ta grep for å sikre trygg bruk av digitale verktøy i barnehagen
Studiet er nettbasert, men nyttar læringsplattform (Canvas) og andre kommunikasjonsverktøy for å støtte studentaktive læringsformer og legge til rette for praktisk utprøving på eigen arbeidsplass. Deling skjer i studiet og i eige kollegium, knytt til fordjupinga ein vel i ulike oppgåver. Studentane øver trygg utvikling av digital kompetanse gjennom gradvis utvikling av ferdigheiter og styrking av kunnskapar. Innhald i studiet eksemplifiserer digital praksis gjennom eit mangfald av tema frå ulike fagområde og kontekstar. Studiet har ikkje obligatorisk frammøte, men emna har obligatoriske arbeidskrav som er ein del av mappevurdering. Begge emna har mappeeksamen.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til utstyr for utprøving av digitale ferdigheiter i barnehagen, men nøyaktig kva type utstyr er ikkje avgjerande og innhaldet i studiet er tilpassa ulike plattformer. Høgskulen har stiller digitale verktøy til råde der studenten kan øve, i tillegg til å bruke verktøy frå eigen arbeidsplass.
Ingen praksis