Digital kompetanse i læring, opne emne, haust
I dette studiet søker du direkte på eitt eller fleire emne innanfor Digital kompetanse i læring. Emnene er fleksible og nettbasert. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis.
Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiene er nettbasert, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen. Du må disponere ei bærbar datamaskin og nokre emne har også andre utstyrsbehov (sjå omtala i emneplanane).
Du kan velje å ta eitt, to eller fleire emne etter behov og setje saman emna som passar best for deg. Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført fem emner i digital kompetanse:
Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:
- ha kunnskap om skulerelevante verktøy for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
- ha kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
- ha kunnskap om barn og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
- ha kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
- ha kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring
- ha kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- ha kunnskap om skulerelevante verktøy og metodar for produksjon av medieinnhald
Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:
- kunne arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
- kunne rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
- kunne nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
- kunne ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
- kunne identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
- kunne rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- kunne rettleie andre i arbeid med skulerelevante verktøy for produksjon av medieinnhald
- kunne reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:
- ha innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
- kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Den primære kontakta med nettstudentar skjer gjennom e-læringssystemet Canvas.
Studenten søkjer direkte på eit eller fleire av dei tre emna, les meir om dei i emneplanane.
Emne | 2023 Haust |
---|---|
Emne tilbydde hausten 2023: | |
15 | |
15 | |
15 | |
Sum (0 total) | 0 |
Gjennomføring av emnene i studiet krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til Internett og vanlege IKT-verktøy. Du må disponere datamaskin og på nokre emne er det eigne utstyrskrav (jamfør emneplanar).
Kr. 5 000,- pr. 15. stp. emne