Sjå liste over studieplanar som starter på:

Digital kompetanse i læring, opne emne, haust

Program of study: 
Digital kompetanse i læring, opne emne
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
1 semester
Year: 
2023
Number of students: 
50
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Full-time
Part-time
Admission and rating

Lærarutdanning eller anna undervisningsrelevant utdanning.

About

I dette studiet søker du direkte på eitt eller fleire emne innanfor Digital kompetanse i læring. Emnene er fleksible og nettbasert. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis.

Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiene er nettbasert, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen. Du må disponere ei bærbar datamaskin og nokre emne har også andre utstyrsbehov (sjå omtala i emneplanane). 

Du kan velje å ta eitt, to eller fleire emne etter behov og setje saman emna som passar best for deg. Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført fem emner i digital kompetanse:

Learning outcome knowledge

Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:

  • ha kunnskap om skulerelevante verktøy for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
  • ha kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
  • ha kunnskap om barn og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
  • ha kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
  • ha kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring
  • ha kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
  • ha kunnskap om skulerelevante verktøy og metodar for produksjon av medieinnhald
Learning outcome skills

Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:

  • kunne arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
  • kunne rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
  • kunne nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
  • kunne ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
  • kunne identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
  • kunne rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
  • kunne rettleie andre i arbeid med skulerelevante verktøy for produksjon av medieinnhald
  • kunne reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Learning outcome qualification

Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:

  • ha innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Content structure

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Den primære kontakta med nettstudentar skjer gjennom e-læringssystemet Canvas.

Studenten søkjer direkte på eit eller fleire av dei tre emna, les meir om dei i emneplanane.

Digital kompetanse i læring, opne emne, haust
Navn: 
Digital kompetanse i læring, opne emne, haust
Requirements

Gjennomføring av emnene i studiet krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til Internett og vanlege IKT-verktøy. Du må disponere datamaskin og på nokre emne er det eigne utstyrskrav (jamfør emneplanar). 

Expenses

Kr. 5 000,- pr. 15. stp. emne

Ansvarleg
Synnøve H. Amdam