Digital kompetanse i læring, opne emne, vår
I dette studiet søker du direkte på eitt eller fleire emne innanfor Digital kompetanse i læring. Emnene er fleksible og nettbasert. Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, pedagogar i barnehage, skuleleiarar og studentar som er under lærarutdanning eller i løp som leier fram mot pedagogisk praksis.
Det primære føremålet er å sette pedagogar i skule og barnehage i stand til å nå mål i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Studiene er nettbasert, og har studieavgift. Det krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og IKT-verktøy. Du bør dessutan ha ein viss kjennskap til det daglege arbeidet i skulen/barnehagen. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera og eit digitalt fotografiapparat (eller mobilkamera).
DKL består av tre frittståande emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. Ein kan velje å ta eitt, eller fleire emne etter behov. Du kan setje saman emna som passar best for deg. Uansett kva emne du vel, kan arbeidsoppgåver integrerast og brukast i det daglege virke ditt i skulen eller barnehagen. I praksis vil det seie at du løyser oppgåver tilpassa det skuleslaget og dei faga du jobbar med.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført fem emner i digital kompetanse:
Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:
- ha kunnskap om skulerelevante verktøy for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
- ha kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
- ha kunnskap om barn og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
- ha kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
- ha kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring
- ha kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- ha kunnskap om skulerelevante verktøy og metodar for produksjon av medieinnhald
Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:
- kunne arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
- kunne rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
- kunne nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
- kunne ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
- kunne identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
- kunne rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- kunne rettleie andre i arbeid med skulerelevante verktøy for produksjon av medieinnhald
- kunne reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Kandidaten i Digital kompetanse i læring skal:
- ha innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
- kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Den primære kontakta med nettstudentar skjer gjennom e-læringssystemet Canvas.
Studenten søkjer direkte på eit eller fleire av dei tre emna, les meir om dei i emneplanane.
Emne | 2023 Vår |
---|---|
Emne tilbydde våren 2023: | 15 |
15 | |
15 | |
15 | |
Sum (15 total) | 15 |
Gjennomføring av emnene i studiet krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til Internett og vanlege IKT-verktøy. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera, eit enklare digitalt fotografiapparat (mobilkamera), og du må i perioder ha tilgang til eit digitalt videokamera. Utstyrskravet skal vere lågt/skulerelevant (ta kontakt med studieansvarleg for meir informasjon).
Kr. 4 000,- pr. 15. stp. emne