See list of study plans starting on:

Engelsk fordjupingsstudium (oppstart vår)

Studieprogram: 
Engelsk - fordjupingsstudium
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Engelsk årsstudium eller tilsvarande (60 stp) 

Om studiet

Engelsk fordjupingsstudium gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, t.d. bachelorgrad i språk og litteratur ved HVO, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet eller høgskular (som til dømes master i skriftkulturar ved HVO). Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU. Opptak til PPU krev at kandidaten har fullført mastergrad.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført program:

Kunnskapar

Etter fullført program har studenten kunnskap om:

  • eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur, kultur og samfunn
  • viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.
Ferdigheiter

Etter fullført program kan studenten:

  • tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte og sette dei inn i ein teoretisk samanheng
  • gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
  • skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk
  • drøfte teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
Generell kompetanse

Etter fullført program kan studenten:

  • gå i djupna på eit fagfelt innan engelskfaget
  • arbeide på ein sjølvstendig måte 

 

 

Organisering og arbeidsmåtar

Programmet består av av to underviste forjupingsemne, kvart på 15 stp: eitt i språk (ENG207) og eitt i litteratur, kultur og samfunn (ENG203). Studentane kan alternativt kombinere eitt av dei underviste emna med ei bacheloroppgåve (ENG211/ENG213). Det blir undervist i eitt emne kvart semester: språkemnet i haustsemesteret og kulturemnet i vårsemesteret. Bacheloroppgåva bygger på eitt av dei underviste emna (ENG211 bygger på ENG207 medan ENG213 bygger på ENG203). Studentar kan ta både fordjupingsemnet og skrive bacheloroppgåva same semesteret, eller dei kan skrive bacheloroppgåva etter det underviste fordjupingsemnet. Vår generelle tilråding er at studentar fullfører det underviste emnet før dei tek til på bacheloroppgåva. 

Undervisinga skjer i form av førelesingar, gruppearbeid og individuell rettleiing.

Engelsk fordjupingsstudium, oppstart vår
Navn: 
Engelsk fordjupingsstudium, oppstart vår
Emne2023 Vår2023 Haust
Vel eitt fordupingsemne saman med eit bacheloroppgåveemne. Våren 2021 vert ENG 203 tilbydd og hausten 2021 vert ENG207 tilbydd.
3030
 
15
 
15
 
1515
 
1515
Praksis

None

Ansvarleg
Timothy Saunders