Engelsk fordjupingsstudium, oppstart vår
Engelsk fordjupingsstudium gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne.Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, t.d. bachelorgrad i språk og litteratur ved HVO, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet eller høgskular. Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU. Frå 2019 krev opptak til PPU at kandidaten har fullført ein mastergrad.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium har studenten kunnskap om:
- eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur.
- viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.
Etter fullført studium skal studenten vere i stand til å:
- tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte og sette dei inn i ein teoretisk samanheng
- gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
- skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk
- drøfte teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
Studenten kan gå i djupna på eit fagfelt og tileigne seg ny kunnskap på ein sjølvstendig måte.
Studiet er bygd opp av to fordjupningsemne, kvart på 15 stp. Som del av bachelorgrad består fordjupningsstudiet av eitt undervist emne i språk (ENG200 Sosiolingistikk eller ENG201 Omsetjing: teori og praksis) eller litteratur (ENG203 Litteratur og film eller ENG206 British and American Comedy), kombinert med eitt oppgåveemne (ENG211 Bacheloroppgåve språk eller ENG213 Bacheloroppgåve litteratur). Studentar som ikkje vil bruke oppgåveemnet inn i ein bachelorgrad, kan om dei ynskjer kombinere to underviste emne.
Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren.
Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet.
Underviste emne vert tilbydd annakvart år: ENG 200 og ENG206 i partalsår, ENG201 og ENG203 i oddetalsår. Haust 2017 vert ENG201 tilbydd og vår 2018 vert ENG206. ENG211 og ENG213 vert tilbydd både haust og vår alle år.
Underviste emne vert tilbydd annakvart år: ENG 200 og det nye komedieemnet i partalsår, ENG201 og ENG203 i oddetalsår. Haust 2017 vert ENG201 tilbydd og vår 2018 vert det nye komedieemnet tilbydd. ENG211 og ENG213 vert tilbydd både haust og vår alle år.
Studieåret 2018 planlegg vi å tilby emna ENG206 Britisk og amerikansk komedie vår og ENG201 Omsetjing: Teori og praksis, haust
Bacheloroppgåveemna går alle semester.
Emne | 2018 Vår | 2018 Haust |
---|---|---|
Vel eitt fordupingsemne saman med eit bacheloroppgåveemne. ENG200, ENG201, ENG203 og ENG205 vert tilbydd annakvart år. Studieåret 2018 planlegg vi å tilby emna ENG206 Britisk og amerikansk komedie vår og ENG201 Omsetjing: Teori og praksis | 30 | 30 |
15 | ||
ENG203 Film og litteratur (Vår 2019) | 15 | |
15 | ||
ENG201 Omsetjing: Teori og praksis (Haust 2019) | 15 | |
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |
None
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.