Historie - fordjupingsstudium (nettstudium)
Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande studie av moderniseringsprosessar i norske kystsamfunn kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser. (emna HI201 og HI212).
Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (emnet HI204).
Emnet Spania – identitetar, nasjonar, regionar (HI208) er todelt: Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg fokus på spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, slik som den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme, og på framveksten og konsolideringa av regionale identitetar som til dømes i Baskerland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (Latin-Amerika, EU, NATO) blir analysert. Dei spanske kongedømma i seinmellomalderen og det spanske imperiet utgjer ein sentral del av emnet.
Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har gode realhistoriske kunnskapar i tilknyting til fordjupingsemnet / emna, og dessutan kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det/ dei valde emna
- har grunnleggjande kunnskapar om sentrale teoriar og metodespørsmål i historisk forsking
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten:
- har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
- kan arbeide sjølvstendig og definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- har evne til å sjå kritisk på omverda og å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking, og framføre velformulerte resonnement
- kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Studentane gjennomføre frå eitt til tre emne à 15 studiepoeng. Studenten vel av emna som ligg i studiemodellen. Studiet kan takast på heiltid eller deltid.
Bacheloroppgåva (HI210) bør vere innanfor eitt av emna studenten har valt på fordjupingsnivå. Dette emnet bør takast før eller same semester som HI210.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
Studenten kan velje inntil tre av fordjupingsemna under. Minimum 15 studiepoeng, maksimalt 45 studiepoeng. | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |