Historie fordjuping
Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande nærstudie av Norskekysten i førindustriell tid kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser (emna HI201 og HI202).
Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (emnet HI204).
Emnet Spania – identitetar, nasjonar, regionar (HI208) er todelt: Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg fokus på spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, slik som den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme, og på framveksten og konsolideringa av regionale identitetar som til dømes i Baskerland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (Latin-Amerika, EU, NATO) blir analysert. Dei spanske kongedømma i seinmellomalderen og det spanske imperiet utgjer ein sentral del av emnet.
Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har gjennom eitt eller to fordjupingsemne gode realhistoriske kunnskapar i tilknyting til emnet/ emna, og kjenner dessutan til sentrale teoriar og debattar innan det/ dei valde emna.
- har grunnleggjande kunnskapar om sentrale teoriar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
Dersom studenten har årsstudium i historie frå HVO, har han/ ho òg:
- brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag, kan sjå samanhengar og trekke samanlikningar mellom desse.
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
- grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
- innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
Studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten
- har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
- kan arbeide sjølvstendig og definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- har evne til å sjå kritisk på omverda og å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking, og framføre velformulerte resonnement
- kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Historie fordjupningsstudium er sett saman av to emne à 15 studiepoeng. Studenten vel to av emna som ligg i emnetabellen: Studiet kan takast på heiltid eller deltid, og det er opptak til studiet både i haust- og vårsemesteret.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
Studenten vel to av fordjupingsemna under: | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Emne | 2017 Vår | 2017 Haust |
---|---|---|
Studenten vel to av fordjupingsemna under: | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.