Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Kunst og handverk 1 er eit vidareutdanningsstudie for grunnskulelærarar på 1.-10. trinn.
Studiet skal utvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere, samt involvere ulike kulturar gjennom skapande arbeid, og å tilpasse verkstadundervisning til elevar sine behov og interesser står sentralt. Gjeldande læreplanar, fagteori og fagdidaktikk, vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, og rolle som utøvar, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.
Faget i eit notids- og framtidsperspektiv skaper ramme om studietilbodet. Gjennom praktiske tilnærmingar får studentane erfaring med bruk og gjenbruk av materialar som gjev grunnlag for å utvikle ein etisk, miljømedviten undervisningspraksis. Programmet har som mål å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Studiet er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil sikre at studentene får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstedane. Erfaringar frå studenten sin undervisningskvardag vil inngå i heile studieforløpet.
Læreplan i Kunst og håndverk (Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020): https://www.udir.no/lk20/khv01-02
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om skulefaget Kunst og handverk sine kjerneelement knytt til teikning og trearbeid
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som grunnlag for refleksjon og undervisning
- har kunnskap om faget sin plassering i den digitale skulekvardagen.
Studenten
- kan velje høvelege verkty, teknikkar og materiale innan teikning og trearbeid
- kan bruke kunst- og formkultur som utgangspunkt for eige og elevar sitt skapande arbeid
- kan reflektere over eigen undervisningspraksis med utgangspunkt i fagteori og fagdidaktikk
- kan bruke og vurdere tenlege digitale verkty i eiga undervisning.
Studenten
- har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
- kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Studiet er nett- og samlingsbasert med to samlingar pr. semester ved Høgskulen i Volda. Tilbodet består av 2 emne à 15 studiepoeng. Studenten gjennomfører eitt emne pr. semester.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studentane si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar blir vektlagt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyr- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa at studenten har eigen bærbar PC og digital grunnkompetanse (epost, word, powerpoint osb).
Studenten må vere praktiserande lærar, og såleis kunne nytte eigen skulepraksis i faget som refleksjonsgrunnlag i studiet.
Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne. Denne dekkjer felles innkjøpte material. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.