Matkultur - vidareutdanning
Matkultur er eit praktisk og teoretisk studium med fokus på matkultur og konservering av mat. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg praktiske ferdigheiter om tradisjonsmat, og kunnskap om korleis matkulturen har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag.
Formidling av matkulturelle tema gjennom handlingsboren kunnskap og digitale medium står sentralt. Studiet gir høve til at studenten fordjupar seg i eit sjølvvald matkulturelt tema som er relevant for den einskilde students profesjon eller yrke.
Studiet rettar seg inn mot eit variert spekter av yrke og arbeidsplassar der mat og matkultur kan vere relevant, slik som grunnskule, skulefritidsordning, barnehage og andre samfunnsinstitusjonar, privat næring, turisme og reiseliv.
For lærarar i grunnskulen er studiet å rekne som skulerelevant fag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter fullført studium skal studenten
- ha kunnskap om mattradisjonar og matkultur, og korleis desse har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag
- ha kunnskap om ulike konserveringsmetodar for mat
- kunne gjere greie for mat i perspektiv av ulike kulturar og religion
- ha kunnskap om formidling og læring knytt til mat og matkultur
Etter fullført studium skal studenten
- kunne lage tradisjonell og konservert mat av ulike råvarer
- kunne planlegge og gjennomføre matkulturelle aktivitetar for ulike målgrupper inne og ute i naturen
- kunne samle inn, dokumentere og formidle praktisk og teoretisk kunnskap gjennom mellom anna digitale medium
Etter fullført studium skal studenten
- kunne samarbeide med andre om planlegging og gjennomføring av matkulturelle aktivitetar
- diskutere mat og matkultur i eit tverrfagleg og samfunnsmessig perspektiv
- reflektere over og kritisk vurdere kjelder knytt til matkulturelle tema
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Studiet er organisert med fem fysiske samlingar på høgskulen kombinert med rettleiing på nett mellom samlingane. I tillegg kjem frammøte i samband med arbeidskrav.
Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, oppgåveløysing individuelt og i gruppe, og sjølvstudium.
Arbeidskrav og vurderingsformer er nærmare omtala i dei to emneplanane.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det vert forventa at studentane har grunnleggjande kompetanse i bruk av digitale verktøy. Studentane må ha tilgang til kjøkken for gjennomføring av matfaglege aktivitetar på eiga hand.
Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 1000,- per emne, totalt kr. 2000,-