Medieproduksjon - bachelor
Ynskjer du eit kreativt yrke? Ved bachelor i medieproduksjon jobbar du med innhaldsproduksjon i ulike sjangrar, og lærer å skrive, produsere og distribuere historier med lyd og bilde. Du skal utvikle konsept til medieproduksjonar, og produsere innhald til ulike plattformer.
Studieinnhold
Medieproduksjon er eit praktisk-teoretisk studieprogram. Du lærer om idé- og konseptutvikling, dramaturgi, visuell historieforteljing, medievitskap, og jobbar med profesjonelt kamera- og lydutstyr. Gjennom studiet utviklar du kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og evne til å bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar. Det blir lagt vekt på teamarbeid og samarbeidsevner, og i studiet inngår internt og eksternt prosjektarbeid og produksjonspraksis.
Aktuelle yrke og vidare studium
Med ein bachelor i medieproduksjon kvalifiserer du deg for mange ulike kreative yrke. Du kan jobbe med utvikling og produksjon av medieprodukt i ulike sjangrar, og med innhaldsproduksjon til ulike plattformer. Du får også eit godt grunnlag for vidare studiar på mastergradsnivå, som for eksempel Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten skal ha
- kunnskap om etablerte prinsipp innan innhaldsproduksjon
- kunnskap om dramaturgi og forteljarteknikkar
- kunnskap om medieformer, sjangrar og teknologisk utvikling
- kunnskap om medievitskap og kommunikasjonsteori
Kandidaten skal kunne
- utvikle kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og kunne bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar
- utvikle målgrupperetta konsept for audiovisuelle produksjoner til digitale plattformer
- analysere og evaluere medieinnhald
- utvikle ferdigheiter innenfor akademisk oppgaveskriving
- gjennomføre undersøkingar og kjeldearbeid for akademiske oppgaver, rapportar og kreative prosjekt, med bruk av metodar som passar til formålet
- samarbeide med andre i tverrfaglege team
- reflektere over eiga personlege, faglege og akademiske utvikling
Kandidaten skal kunne
- planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, både individuelt og i samarbeid med andre
- produsere medieprodukt i samsvar med ein brief
- demonstrere kunnskap om relevante faglege og etiske problemstillingar
- formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
Undervisinga er organisert som ein kombinasjon av teori og praksis, med førelesingar, arbeidsverkstadar og praktiske oppgåver, både individuelt og i grupper. Det kan bli undervist på engelsk i nokre emne. Som ein del av studiet inngår både praksisopphald, prosjektarbeid og produksjonar for ulike interne og eksterne oppdragsgivarar.
Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisinga. Du kan lese meir om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som eksempel ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
Valemner/utvekslingssemester (med atterhald om endringar i valemneporteføljen) | 20 | |||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
Obligatoriske emne | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
For auka kvalitet og kontinuitet krev vi at studentane har eigen bærbar datamaskin som er kraftig nok til å køyre programvare for bildebehandling og videoredigering, samt minnekort til bruk i kamera/lydutstyr.
I studiet inngår intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis. Nærmare retningslinjer for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.
Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, med utveksling til våre internasjonale samarbeidsinstitusjonar. Høgskulen i Volda tar også i mot både studentar og gjesteforelesarar frå utlandet. Det blir derfor undervist på engelsk i nokre emner og enkeltforelesingar.
Vi tilrår studentane å abonnere på Adobe Creative Suite. Det er studentrabatt på abonnement.
Studenten må pårekne nokre kostnader til materiell, samt transport og overnatting i samband med frivillige ekskursjonar. Meir informasjon om dette blir gitt i den enkelte emneplan, der dette er aktuelt.