Semestre

MEV120 Analyse av visuelle medieuttrykk

Emnekode: 
MEV120
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er ein introduksjon til tema innan medievitskap. I emnet skal studentane erverve grunnleggande forståing for visuelt medieinnhald, og korleis ein kan analysere visuelt medieinnhald med bruk av semiotikk, retorikk og narratologi. I arbeid med analyse vil studentane få kunnskap om og erfaring med akademisk skriving, og handsaming av kjelder i akademisk skriving.

I tillegg vil studentane få grunnleggande innføring i media si rolle i offentlegheita, medieetikk og -juss, gjennom tema som ytringsfridom, personvern og opphavsrett.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten

  • ha kunnskap om sentrale omgrep innan semiotikk, retorikk og narratologi
  • ha kunnskap om akademisk skriving og kvalitativ analyse
  • ha grunnleggande kunnskap om ytringsfridom, personvern og opphavsrett
Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne gjere kvalitativ analyse av visuelle medieuttrykk
  • kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine medieuttrykk
  • ha utvikla ferdigheiter innan akademisk oppgåveskriving
  • gjennom forståing for sentrale mediereglar, kunne gjere etiske vurderingar som produsent av medieinnhald
Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • kjenne til fagområdet medievitskap, og sentrale omgrep og teoriar knytt til analyse av medieinnhald
  • ha grunnleggande kjennskap til mediejuss og -etikk
  • på sjølvstendig måte kunne gjennomføre akademisk skriving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet vil føregå på ulike måtar, og vi legg opp til studentaktive arbeidsformer. Det vil vere ein kombinasjon av teoripresentasjonar, gruppearbeid og både praktiske og teorietiske øvingsoppgåver. Studentane skal i fleire tilfelle presentere arbeid dei gjer i grupper. Studentane skal arbeide med akademisk skriving, og får tilbakemelding på skrivearbeidet i ulike rettleiingssituasjonar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk deltaking i undervising. Jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Tidspunkt vil gå fram av semesterplanen.

Arbeidskrav:

Det er tre arbeidskrav: 

  1. Levere ei skriftleg oppgåve på omlag 1500 ord med formkrava til ei akademisk oppgåve
  2. Levere ei skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord med formkrava til ei akademisk oppgåve
  3. Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Irene Hillestad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Medieproduksjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Individuell akademisk tekst på 2000 ord (+/- 10%).
Godkjent av: 
Kate Kartveit