Musikk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Musikk 1 er eit vidareutdanningsstudium i undervisningsfaget musikk for 1.-10. trinn i utdanningsprogrammet Kompetanse for kvalitet. Målgruppa er primært lærarar i grunnskulen og i kulturskulen, og utdanninga er delvis differensiert for trinn 1-7 og 5-10. Ved fullført studium skal studenten ha ei god forståing av musikk som fag i skulen i tråd med Kunnskapsløftet 2020 og eit solid musikkdidaktisk fundament for å kunne gi inkluderande undervisning i faget, anten dette gjeld musikkfaget (MUS01-02) eller valfaget Produksjon for scene (VAL0060). Musikkfagets eigenart som praktisk og skapande estetisk fag vert vektlagd, og studenten vil få innsikt i og prøve ut varierte faglege tilnærmingar og metodar for undervisning der elevane kan utvikle djupnekunnskap og sjå samanhengar både i musikkfaget og på tvers av fag. Digitale verktøy og arbeidsmåtar vil vere ein naturleg og integrert del av den oppnådde kompetansen.
Studiet er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning, praktisk utprøving og rettleiing på varierte arbeidsmåtar og -prosessar i musikkfaget. Gjennom arbeidsoppgåvene og deltaking i ulike typar nettleksjonar og nettbaserte aktivitetar vil studenten styrke sin profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK), som ein del av den heilskaplege kompetansen som musikklærar.
Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk vil, saman med studenten sin eigen skulepraksis, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.
Læreplan i Musikk (MUS01‑02): https://www.udir.no/lk20/mus01-02?lang=nob
Læreplan i valgfaget produksjon for scene (SOS01‑02): https://www.udir.no/lk20/sos01-02?lang=nob
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Kandidaten har:
- kunnskap om skulefaget Musikk sine kjerneelement og om musikkundervisning i tverrfaglege samanhengar
- kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som grunnlag for refleksjon og undervisning
- kunnskap om faget si plassering i den digitale skulekvardagen
Kandidaten kan:
- planlegge, leie og evaluere undervisningsaktivitetar i musikkfaget og i tverrfaglege samanhengar
- reflektere over eigen undervisningspraksis med utgangspunkt i fagteori og fagdidaktikk
- bruke og vurdere tenlege digitale verkty i eiga undervisning
Kandidaten kan:
- bruke kunnskap og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
- bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
- nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Studiet består av 2 emne à 15 studiepoeng på kvart sitt semester. Studiet er nett- og samlingsbasert med to samlingar pr. semester ved Høgskulen i Volda. Det er elles nettleksjonar annakvar veke, samt nettbasert møte for erfaringsdeling ein time annakvar veke.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det vert forventa at studenten har eigen bærbar PC og grunnkompetanse i bruk av digitale verkty (epost, word, powerpoint osb).
Studenten må vere praktiserande lærar, og såleis kunne nytte eigen skulepraksis i faget som refleksjonsgrunnlag i studiet.