See list of study plans starting on:

Naturfag 2, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)

Studieprogram: 
Naturfag 2, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng naturfag frå tidlegare utdanning (tilsvarande Naturfag 1 for 5.-10. årstrinn, emna NF101U og NF102U).

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har 30 studiepoeng naturfag i si tidlegare utdanning. Emnet supplerer naturfag i grunnskulelærarutdanning (MGL5-10NA1A og MGL5-10NA1B) og Naturfag 1 i vidareutdanning (NF101U og NF102U) både i breidde og djupne. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere ulike læringsprosessar i naturfag. Didaktikk og fag undervisast integrert slik at studenten får ein profesjonsfagleg tryggleik. Det vert òg vektlagt korleis naturfag kan integrerast i tverrfaglege tema slik som folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling. Studenten skal tileigne seg kompetanse for å undervise naturfag i dagens skule, samt bidra til å utvikle og forme framtidas naturfag ved eigen skule.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha vidarekomne kunnskapar i biologi, fysikk og kjemi 
  • skal ha kunnskapar i geofag
  • skal ha kunnskapar om teknologi og programmering i naturfag
  • skal ha fagdidaktisk kunnskap i naturfag 
  • skal ha fagdidaktisk kunnskap i å kunne legge til rette for undervisning i tverrfaglege tema i naturfag
  • skal ha kjennskap til varierte former for undervisning, demonstrasjonar, digitale ressursar og praktiske aktivitetar, samt på andre arenaer enn klasserommet
  • skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen kunnskap om undervisning og for eleven si læring 
Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader 
  • skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane 
  • skal kunne nytte laboratorieutstyr og tolke sikkerheitsdatablad til kjemikaliar i samband med risikovurderingar av eksperiment
  • skal kunne nytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema samt naturfagdidaktisk forsking for å utvikle eigen undervisning i faget 
  • skal kunne legge til rette for læring som skjer på ein annan arena enn klasserommet
  • skal kunne nytte programmering og teknologi for å fremje læring i naturfag hjå eigne elevar
  • skal kunne integrere naturfaglege kunnskapar i undervisning av tverrfaglege tema som folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling
Generell kompetanse

Studenten

  • skal øve opp evne til kritisk tenking på område i samfunnet der naturvitskap er relevant 
  • skal øve opp evne til refleksjon angåande elevar sitt forhold til naturfag og naturvitskap i og utanfor skulen 
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre, og utvikle naturfagundervisning og lokale læreplanar 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av dei to emna NF103U (vår) og NF104U (haust), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. I studiet inngår arbeidskrav som må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Naturfag 2, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
Navn: 
Naturfag 2, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
Anna
Undervisninga blir ikkje sett i gang dersom færre enn 5 studentar melder seg til emna som inngår i studieplanen.
Ansvarleg
Carlos Magnusson, tlf. 70 07 53 85, e-post: carlos.magnusson@hivolda.no