Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
Bachelorgraden i religion og kultur handlar om spørsmål som oppstår i samfunn prega av religiøst og kulturelt mangfald. Gjennom religions- og kulturstudium i historisk så vel som i aktuelt perspektiv vil studiet gi deg innsikt i dette.
Studiet består av ulike emne på grunn- og fordjupingsnivå. På grunnivå inngår Examen philosophicum og eit kurs i vitskapleg oppgåveskriving. For øvrig er innretninga av studiet på dette nivået todelt: Halvparten gir grunnleggande kunnskap om religionar og livssyn og den andre halvdelen går i djupna på temaområda religion og samfunn, og religion i media og populærkultur. På fordjupingsnivå får du moglegheita til å studere nærmare tema knytta til interkulturell forståing, til livssynsdebatt eller til spiritualitet. Her høyrer fordjupingsoppgåva / bacheloroppgåva til der du vél tema frå årsstudiet eller fordjupingsstudiet.
Bachelorgraden er relevant for ulike former for arbeid i offentleg og privat sektor. Studiet gir kompetanse til å arbeide med kulturelt og religiøst mangfald i ein migrasjonsfagleg kontekst, mellom anna i bistandsorganisasjonar, integreringsarbeid, og i arbeid med flyktningar og asylsøkjarar. Studiet er dessutan relevant for arbeid i kultursektoren, mellom anna i mediebedrifter, forlag og andre kulturinstitusjonar. Bachelorgraden gir kunnskap til å forstå og kunne ta del i den generelle samfunnsdebatten.
Med masterutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer bachelorgraden for undervisning i KRLE i grunnskulen og i Religion og etikk i vidaregåande skule. Studiet gir kompetanse for arbeid innan offentleg forvaltning, helse- og mediefag. Studiet er også relevant for arbeid i internasjonale organisasjonar og i privat næringsliv.
Bachelor i religion og kultur, nettstudium, kvalifiserer for opptak til masterprogrammet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda. Graden er også relevant for andre masterstudium. Studiet er i sin heilskap nettbasert.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har brei kunnskap om eit utval av verdas religionar og livssyn, både i historisk og aktuelt perspektiv
- har brei kunnskap om fleirkulturelle samfunn og interkulturell forståing
- får gjennom valfritt fordjupingsemne utvida kunnskap om og innsikt i eit avgrensa tema innan religionar og livssyn
- har grunnleggende kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål knytta til religions-, livssyns- og kulturfag
- får gjennom valfrie emne frå andre fagområde utvida sin faglege kompetanse
Studenten
- kan utforske ulike religionar og livssyn gjennom kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på bakgrunn av materialet
- kan identifisere ressursar og utfordringar i kulturmøte og interkulturell kommunikasjon
- kan tileigne seg religionsfagleg kunnskap og diskutere religionsfaglege problemstillingar
- kan skrive fagtekstar (deriblant bacheloroppgåve) innanfor gitte tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- kan setje seg inn i og belyse nye problemområde
- har evne til å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig, og kunne presentere resonnement
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon
- kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med krav innan høgare utdanning
- er i stand til å reflektere over vitskaplege grunnlagsproblem og ha kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
Det nettbaserte bachelorprogrammet i religion og kultur er sett saman av åtte obligatoriske emne på til saman 105 studiepoeng. Seks emne er på grunnivå og to, inkludert bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Fordjupingsoppgåva / bacheloroppgåva (REL212N) er normalt lagt til siste semester. Dei resterande 75 studiepoenga kan i prinsippet takast fritt. Vi rår til at studenten tek eit av dei to valfrie religionsfaglege emna på fordjupingsnivå (REL206N eller REL207N). Studenten vert elles tilrådd å velje emne ut i frå kva graden skal brukast til.
Studiemodellen viser religionsfaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar med opptak på hausten, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald om tilstrekkeleg antal påmelde, og at nødvendige lærarkrefter er disponible.
Studiet er fleksibelt og legg i stor grad opp til sjølvstudium. Men for å inspirere og hjelpe deg som bachelorstudent i studiet vil du få god oppfølgjing undervegs, mellom anna gjennom rettleiing på arbeidskrav og andre oppgåver som du jobbar med av faglærarar. Bachelorstudentane har eit eige Canvasrom som legg til rette for interaktive læringsformer både asynkront og synkront. Asynkrone læringsformer er mellom anna nettressursar som tekstar, videoar, testar og diskusjonsforum. I tillegg vil du få møte medstudentar og faglærarar i synkrone zoommøte i ulike emne i løpet av studiet og i eit eige bachelorforum gjennom heile bachelorløpet.
Godskriving:
Emne frå tidlegare utdanning kan godskrivast etter søknad. Kontakt programansvarleg.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
10 | ||||||
5 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
Valfrie fordjupingsemne i religion | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Internasjonalisering/utveksling (30 studiepoeng) tilrådd i 4. eller 5. semester | * | * | ||||
Valemne frå andre fag (tilrådd) | ||||||
15 | 15 | 15 | 15 | |||
15 | 15 | 15 | 15 | |||
15 | 15 | 15 | 15 | |||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at studenten kan tilrettelegge si eiga arbeidstid. Nettstudiet gir stort rom for fleksibilitet. Det er viktig å ikkje ta for mange emne på ein gong. Noko pensumlitteratur er på engelsk.
Studiet fremjar internasjonalisering ved det obligatoriske engelskspråklege emnet på fordjuping REL210N Intercultural understanding, samt bruk av engelskspråkleg litteratur i andre emne i studiet. Instituttet arrangerer dessutan kvart år studietur til Redbridge i London. Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald ut i frå faglege interessefelt. Vi rår til følgjande institusjonar med studietilbod som er relevante for bachelor i religion og kultur:
Italia: John Cabot University, Roma
Finland: Åbo Akademi, Åbo/Turku
USA: Augsburg University, Minneapolis (Minnesota), Luther College, Decorah (Iowa), Pacific Lutheran University, Tacoma (Washington)
Vi rår til utveksling anten i 4. eller 5. semester i bachelorløpet. Emne frå utanlandsstudium kan godskrivast i bachelorgraden.