Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Formålet med studieprogrammet er å bidra til at aktørar i samfunnet samarbeider meir på tvers av nivå, sektor og profesjon for å oppnå nye problemforståingar og problemløysingar, som på ei betre måte tilfredsstiller samfunnet sin behov for heilskapleg praksis. Planlegging og leiing blir rekna som viktige verktøy for å oppnå dette. Masteroppgåva skal vurderast etter vitskaplege kriterium og oppgåva skal dokumentere at studenten kan arbeide metodisk og sjølvstendig med relevante problemstillingar. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Fullført studieprogram gir høve til å søke doktorgradsprogram.
Studiet tek utganspunkt i at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling, og at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kapasitetsbyggande prosessar. Høgskulen i Volda er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr vi ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. Planleggar og leiar er i mange tilfelle noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing med vekt på heilskaplege problemforståingar og problemløysingar. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.
Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og på å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studentane i programmet er ei blanding av folk med ferske bachelorgrader og folk med både lang utdanning og praksis. Vidare har studentane ulike utdanningar og representerer ulike profesjonar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing m.m.. På den måten oppnår ein at dei erfarne bidreg med relevant praksis og dei med ferske bachelorgrader bidreg med innsikt i nye teoriar og modellar. I sum gir dette grunnlag for kritisk refleksjon over kunnskap, ferdigheiter, handlingar og haldningar og dermed ein meir kompetent praksis som planleggar og leiar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om relevante perspektiv, teoriar og omgrep planlegging og leiing
- forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling
- sjølvstendig og kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
Studenten skal ha ferdigheiter til sjølvstendig å
- knyte saman teori og praksis i kritiske analyser
- drive vitskapleg forsking
- skrive større og mindre oppgåver
- forstå og formidle forsking
Studenten skal kunne
- sjølvstendig reflektere over rolla som planleggar og leiar og korleis eigen kunnskap, ferdigheiter og haldningar/verdiar pregar utøving av rolla
- erkjenne at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til samhandling, innovasjon og i heilskapleg samfunnsutvikling
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.
Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 45 stp valfrie. Studiet er samansett av emne på 15, 30 og 45 stp. Emna Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, Offentleg leiing og kommunikasjon (IPA303), 15 stp, Forskingsmetode og vitskapsteori (IPA307), 15 stp og Masteroppgåve (IPA318), 30 stp eller Masteroppgåve (IPA319), 45 stp, er obligatoriske. Om ein vel Masteroppgåve på 45 stp, vert den valfrie delen av studiet 30 studiepoeng.
I det avsluttande emnet Masteroppgåve (30/45 stp) er det to eigne studiesamlingar i vårsemesteret, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. I tillegg er det seminar i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, der studentane legg fram og får tilbakemelding på eige masterprosjekt og gir respons på medstudentar sine prosjekt.
Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar.
Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Emne | 2023 H | 2024 V | 2024 H | 2025 V | 2025 H | 2026 V | 2026 H | 2027 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. OG 2. STUDIEÅR | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Valemne, sterkt tilrådde: | 15 | 15 | ||||||
15 | 15 | |||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna: | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
3. OG 4. STUDIEÅR | ||||||||
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA318/IPA319. | 15 | 15 | 15 | |||||
15 | ||||||||
Vel anten IPA318 eller IPA319. Val av IPA318 krev 45 stp. valfrie emne og val av IPA319 krev 30 stp. valfrie emne. | ||||||||
* | * | 15 | 15 | |||||
* | 15 | 15 | 15 | |||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging.