Semestre
IPA301 Regional planlegging og utvikling
Ingen
I dette emnet utforskar vi samfunnsplanlegging som teori og praksis, og forholdet mellom teori og praksis. Vi tek føre oss utvikling av samfunn og regionar gjennom samskaping mellom sektorar og aktørar, medverknad og medborgarskap, og planlegging som innovasjon og entreprenørskap. Vidare drøftar vi korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis og planleggarrolla kan fremme endring og berekraftig utvikling, først og fremst i norske regionar.
Emnet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk emne i mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing, men kan også takast som eit sjølvstendig vidareutdanningsemne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om grunnleggande planteoretiske perspektiv
- avansert kunnskap om korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis kan nyttast til å fremme innovasjon og endring i samfunn og regionar
Studenten
- skal kunne analysere og forholde seg sjølvstendig kritisk til utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og regionar ved hjelp av planteoretiske perspektiv
- skal kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling
Studenten
- skal kritisk og sjølvstendig kunne vurdere korleis planlegging som verktøy kan nyttast i ulike situasjonar og kontekstar for å fremme ei berekraftig utvikling.
- skal kritisk og sjølvstendig kunne reflektere over planleggarrolla i praktisk og teoretisk planlegging
Emnet er samlingsbasert med tre samlingar i løpet av semesteret. Samlingane har kombinasjon av fysisk frammøte og digital undervising.
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert, og det er lagt opp til at studentane møter opp og deltek aktivt.
Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre.
Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar ligg her.
Arbeidskrav
Studentane skal gjennomføre tre arbeidskrav i løpet av semesteret. Innhald og innleveringsfristar for arbeidskrava går fram av Canvas.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar og kjeldeliste i tråd med APA 6th eller 7th. |
Arbeidet med heimeoppgåva føregår gjennom heile semesteret. Heimeoppgåva skal leverast i eiga eksamensmappe (Inspera) innan oppgitt frist. Studentane får rettleiing.