Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
Studieprogram:
Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
Studienivå:
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng:
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2024
Studieplassar:
10
Studietype:
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Om studiet
I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, i t.d. helsesektoren, media organisasjonar og kyrkjeliv. Studiet består av eit valfritt emne (REL206N eller REL207N) og eit obligatorisk (REL212N) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.
Læringsutbytte
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
- har utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion og livssyn
Ferdigheiter
- har evne til å tileigne seg ny kunnskap innan fagområdet
- kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
Generell kompetanse
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Organisering og arbeidsmåtar
REL212N kan takast både i haust- og vårsemesteret.
Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
Navn:
Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
Emne | 2024 Vår | 2024 Haust |
---|---|---|
15 | 15 | |
NB! REL212N kan takast både i haust- og vårsemester | ||
Valemne | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Evaluering og kvalitetssikring
Ansvarleg
Knut-Willy Sæther. tlf. 70075340, e-post setherk@hivolda.no