Semestre
REL206N Spiritualitet før og no
Grunnstudium (minimum 45 stp) i religion, kultur og samfunn eller tilsvarande.
Emnet gjev eit oversyn over spiritualitet som fenomen med særleg henblikk på den kristne spiritualiteten. Emnet omfattar både historiske perspektiv, samanlikning av spiritualitetstradisjonar i religionane i tillegg til nyare spiritualitetsuttrykk. Emnet består av tre delar. Del 1 gjev grunnleggjande kunnskap om kva spiritualitet er, både som allmennmenneskeleg fenomen og som religiøst trusuttrykk. Denne delen gjev også ei innføring i spiritualitet i nokre av verdsreligionane. Del 2 handlar om kristen spiritualitet i eit historisk perspektiv, medan del 3 tek føre seg aktuelle uttrykk for kristen spiritualitet, som verbal-rasjonell, kontemplativ, karismatisk og estetisk/rituell spiritualitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om kva ein forstår med omgrepet spiritualitet og kristen spiritualitet
- har kunnskap om ulike spiritualitetstradisjonar i nokre av verdsreligionane
- har kunnskap om ulike uttrykk for kristen spiritualitet i samtida
Studenten
- kan gjere greie for kva ein forstår med "spiritualitet" og for ulike syn på kristen spiritualitet
- kan reflektere over eiga fagleg utvikling
- kan finne, vurdere og vise til informasjon om spiritualitet som tematikk og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og gjennom andre aktuelle utrykksformar
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Undervisninga går over eitt semester og består av nettleksjonar i delemna og eit obligatorisk oppgåveseminar på nett, som også inkluderer interaktiv studentaktivitet. Det blir gjeve individuell rettleiing, først og fremst knytt til oppgåveskriving.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist
- ha delteke i eit oppgåveseminar på nett der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve, og har kommentert eit oppgåveutkast frå ein medstudent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
- Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle. | Ei skrftleg oppgåve på 3000 ord (+/-10%) |