Praksisrettleiing - sosialt arbeid
Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i rettleiingsteori og rettleiingsprosessar. Den auka rettleiingskompetansen vil styrke arbeidet med studentar i praksis, og også vere nyttig i rettleiing av kollegaer og i profesjonsutøving generelt. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, vurdering, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing.
Studiet er primært for praksisrettleiarar ved Institutt for sosialfag.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha
- Kunnskap om sentrale omgrep, teoriar og tradisjonar innan rettleiing
- Inngåande kunnskap om rettleiar sine roller og funksjonar
- Inngåande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i eit rettleiingsperspektiv
- Kunnskap om ulike fasar i praksisgjennomføring og rettleiing
- Kunnskap om makt og etikk i studentrettleiing
- Kunnskap om vurdering og skikkavurdering
Studenten skal kunne
- Planlegge, gjennomføre og evaluere individuell rettleiing
- Bruke ulike rettleiingsmetodar
- Gi tilbakemelding på ein læringsfremjande måte
- Vurdere skiljet mellom rettleiing og vurdering
- Stimulere til refleksjon over praksis
Studenten skal kunne
- Reflektere over eigen veremåte og kommunikasjon
- Vere medviten eiga rettleiarrolle, ansvar og funksjon
- Identifisere og analysere utfordringer og etiske dilemma i rettleiing
Undervisninga i emnet består av tre samlingar, med to dagar på kvar samling. Hausten 2023 vert samlingane i vekene 34, 40 og 46.
Undervisninga på samlingane er kombinert med diskusjon, rettleiingsøvingar og anna aktivitet i grupper.
Emne | 2024 Haust |
---|---|
10 | |
Sum (10 total) | 10 |