Sjå liste over studieplanar som starter på:

Praksisrettleiing - sosialt arbeid

Program of study: 
Praksisrettleiing – sosialt arbeid
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
10
Duration: 
1 semester
Year: 
2024
Number of students: 
50
Type of study: 
Specialization (bachelor's degree level)
Admission and rating

Fullført bachelorgrad (180 studiepoeng) eller tilsvarande innan sosialfag eller helsefag. Søkarar med fullført bachelorgrad innan andre fagområde og dokumentert relevant helse- eller sosialfagleg arbeidserfaring, kan få opptak etter særskilt vurdering.

Søkar må vere involvert i praksisrettleiing knytt til sosialarbeidarutdanningane ved Høgskulen i Volda. I opptaket vil søkarar som skal rettleie praksisstudentar det aktuelle semesteret, bli prioriterte.

About

Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i rettleiingsteori og rettleiingsprosessar. Den auka rettleiingskompetansen vil styrke arbeidet med studentar i praksis, og også vere nyttig i rettleiing av kollegaer og i profesjonsutøving generelt. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, vurdering, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing.

Studiet er primært for praksisrettleiarar ved Institutt for sosialfag.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • Kunnskap om sentrale omgrep, teoriar og tradisjonar innan rettleiing
  • Inngåande kunnskap om rettleiar sine roller og funksjonar
  • Inngåande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i eit rettleiingsperspektiv
  • Kunnskap om ulike fasar  i praksisgjennomføring og rettleiing
  • Kunnskap om makt og etikk i studentrettleiing
  • Kunnskap om vurdering og skikkavurdering
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere individuell rettleiing
  • Bruke ulike rettleiingsmetodar
  • Gi tilbakemelding på ein læringsfremjande måte
  • Vurdere skiljet mellom rettleiing og vurdering
  • Stimulere til refleksjon over praksis
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • Reflektere over eigen veremåte og kommunikasjon
  • Vere medviten eiga rettleiarrolle, ansvar og funksjon
  • Identifisere og analysere utfordringer og etiske dilemma i rettleiing
Content structure

Undervisninga i emnet består av tre samlingar, med to dagar på kvar samling. Hausten 2023 vert samlingane i vekene 34, 40 og 46.

Undervisninga på samlingane er kombinert med diskusjon, rettleiingsøvingar og anna aktivitet i grupper.

Praksisrettleiing - sosialt arbeid
Navn: 
Praksisrettleiing - sosialt arbeid
Course2024 Autumn
10
Ansvarleg
Gerd Skjong