Se liste over studieplaner som starter:

Historie - bachelor (nettstudium)

Studieprogram: 
Historie - bachelor (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.

Bachelorgrad i historie kvalifiserer for opptak til masterprogrammet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.

Studiet kvalifiserar for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand. ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål innanfor historisk forsking
  • er i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
  • har brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kan sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
  • kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • kan reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar 
Generell kompetanse

Studenten:

  • har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
  • kan arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
  • har evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
  • kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
  • kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva bør skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna..

Dei resterande 75 studiepoenga  kan takast fritt frå emner i samfunnsvitskap og humaniora. Vel gjerne ut frå kva du vil nytte denne graden til. Vi rår deg til ikkje å velje samfunnsfag, sidan det vil føre til studiepoengreduksjon, sjå omfang i emneplanane på grunnivået. Emner frå andre fagfelt kan også veljast inn om dei er relevante for ei historieutdanning.

Studiemodellen syner historiefaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar med opptak om hausten, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.

Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:

  • Grunnemna HI100N, HI111N, HI112N og HI113N
  • To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (200-nivå)
  • Bacheloroppgåve (HI210).

Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:

To valfrie fordjupingsemne kan veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne.

Krav til rekkjefølgje

Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) bør vere knytt til eitt av emna studenten har valt på fordjupingsnivå. Dette emnet bør i så fall takast før eller same semester som HI210.

 

Historie - bachelor (nettstudium, deltid)
Navn: 
Historie - bachelor (nettstudium, deltid)
Emne25 H26 V26 H27 V27 H28 V28 H29 V29 H30 V30 H31 V
Obligatoriske emne
Dei fire grunnemna må takast i løpet av dei to første studieåra
15151515
 
15151515
 
15151515
 
15151515
 
1515
Fordjupingsemna kan takast frå og med tredje studieår. Studenten må velje minst to fordjupingsemne
1515151515151515
 
15151515
 
15151515
 
15151515
 
15151515
 
15151515
Det er krav om 75 beståtte studiepoeng i historie for å kunne ta til med bacheloroppgåveemne
 
15151515151515
Tilrådde valemne. Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng norsk, engelsk eller religion, kultur og samfunn, og eitt ekstra fordjupingsemne i historie.
 
Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium) 4*15 stp.
151515151515
 
Engelsk - årsstudium (nettstudium) 4*15 stp.
151515151515
 
Religion, kultur og samfunn (nettstudium) 4*15 stp.
151515151515
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Nettstudiet gjev stort rom for fleksibilitet og krev at du kan planlegge di eiga tid. Det er samstundes viktig at du ikkje prøver å gape over for mykje på ein gong. Dessutan er det viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Internasjonalisering

Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.

Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.

Ansvarleg
Harald Johannes Krøvel, harald.johannes.krovel@hivolda.no, telf: 70054879