Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan utgjere fordjupingskomponenten i ein bachelorgrad eller inngå i ei lærarutdanning. Det kan også nyttast som grunnlag for eit masterstudium i nordisk. Med sin særeigne kulturprofil høver studiet godt som kvalifisering for masterstudiet i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Studiet gir undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule og kan nyttast i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i språk eller litteratur. Dei som tek faglærarutdanning må i tillegg ta praktisk-pedagogisk utdanning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten
- ha solide kunnskapar innanfor eit avgrensa språkleg og litterært felt
Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten
- kunne formulere relevante problemstillingar med grunnlag i relevant teori og særdrag ved studieobjektet
- ha utvikla gode analyseferdigheiter i samsvar med metodiske krav
Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten kunne utforme analyseresultata sjølvstendig og reflekterande i ein tekst som tilfredsstiller krava til ei vitskapleg framstilling
Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan setjast saman på ulike måtar:
- eitt språkleg og eitt litterært emne
- to språklege emne
- to litterære emne
- eitt emne i anten språk eller litteratur og eitt individuelt oppgåveemne i ein av disiplinane
Kvart av emna er på 15 studiepoeng. Den individuelle oppgåva svarar til ei bacheloroppgåve.
Det er mogleg å velje mellom eitt eller to emne per semester. To emne tilsvarar eit heiltidsstudium, medan eitt emne tilsvarar eit deltidsstudium.
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og individuell rettleiing. Enkelte emne kan også ha tilbod om samling. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskriving.
Studenten vel sjølv kva emne fordjupingsstudiet skal innehalde. Tabellen under viser moglege val.
Fordjupingsstudiet skal til saman utgjere 30 studiepoeng. Det vil seie 2 av valemna.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|
Valemne | 15 | 15 |
Litterære emne | ||
15 | ||
15 | ||
Språklege emne | ||
15 | ||
NO225 Innføring i norrønt: språk og kultur | 15 | |
15 | ||
Oppgåveemne | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ein rår til at studentar som vurderer å søkje, har C eller betre i gjennomsnittskarakter frå årsstudiet i den disiplinen ein vel å fordjupe seg i.
Det er ikkje knytt praksis til emna.