See list of study plans starting on:

Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)

Program of study: 
Norwegian - Specialization
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2025
Number of students: 
10
Type of study: 
Specialization (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

60 stp. i norsk/nordisk (årsstudium eller tilsvarande)

About

Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan utgjere fordjupingskomponenten i ein bachelorgrad eller inngå i ei lærarutdanning. Det kan også nyttast som grunnlag for eit masterstudium i nordisk. Med sin særeigne kulturprofil høver studiet godt som kvalifisering for masterstudiet i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Studiet gir undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule og kan nyttast i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i språk eller litteratur. Dei som tek faglærarutdanning må i tillegg ta praktisk-pedagogisk utdanning.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten

  • ha solide kunnskapar innanfor eit avgrensa språkleg og litterært felt
Learning outcome skills

Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten

  • kunne formulere relevante problemstillingar med grunnlag i relevant teori og særdrag ved studieobjektet
  • ha utvikla gode analyseferdigheiter i samsvar med metodiske krav
Learning outcome qualification

Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten kunne utforme analyseresultata sjølvstendig og reflekterande i ein tekst som tilfredsstiller krava til ei vitskapleg framstilling

Content structure

Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan setjast saman på ulike måtar:

  • eit språkleg og eit litterært emne
  • to språklege emne
  • to litterære emne
  • eit til to emne i anten språk eller litteratur og eit individuelt oppgåveemne i ein av disiplinane

Kvart av emna er på 15 studiepoeng. Den individuelle oppgåva svarar til ei bacheloroppgåve. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller to emne per semester. To emne per semester utgjer eit heltidsstudium. Eitt emne per semester utgjer eit deltidsstudium. 

Undervisinga i fordjupingsstudiet blir gitt gjennom individuell oppgåverettleiing og ei samling ved studiestaden over to dagar. Oppgåveemna har ikkje samling.

Studenten vel sjølv målform på oppgåvene.

Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
Navn: 
Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
Informasjon

Du kan bygge ditt eige fordjupingsstudium ved å velje dei emna du er interessert i.

Du kan velje blant to litterære emne, NO209 og NO204.

Du kan velje blant to språklege emne, NO207 og NO201.

I tillegg kan du velje å skrive ei bacheloroppgåve i eitt av områda ved å velje anten NO211 eller NO213 i siste semester.

Fordjupingsstudiet skal til saman utgjere 60 studiepoeng. Det vil seie 4 av dei valgbare emna.

Requirements

Ein rår til at studentar som vurderer å søkje, har C eller betre i gjennomsnittskarakter frå årsstudiet i den disiplinen ein vel å fordjupe seg i.

 

Professional training

Det er ikkje knytt praksis til emna.

Ansvarleg
Brage Egil Herlofsen