Bachelorgrad

Barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert

Arbeider du i barnehage, men ønskjer å kvalifisere deg til barnehagelærar? Då er arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning eit studium for deg. I denne utdanninga får du bruke arbeidsplassen som læringsarena. Utdanninga kvalifiserer til arbeid som barnehagelærar, pedagogisk leiar og styrar. Kompetansen du får innanfor pedagogikk og leiing er også etterspurt i mange andre yrke. 

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Samlingar
Studiepoeng:
180
Varigheit:
8 semester (4 år)
Studietype:
Bachelorgrad
Søk frå:
01.02.2025

Studiet har løpande opptak.

Dyktige og engasjerte barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Det er eit meiningsfullt yrke med eit stort ansvar der du får brukt deg sjølv og evnene dine på å rettleie barn på ein positiv måte. 

Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn, skal oppleve å leike, undre seg og lære ut frå eigne føresetnader.  Denne kompetansen skal du bruke når du skal leie det pedagogiske arbeidet, og når du skal samarbeide med personalet. Du skal også samarbeide med foreldre og faginstansar utanfor barnehagen. Det er eit yrke der du får utvikle deg sjølv og vere med på å bygge kompetanse i personalgruppa.

 

Innblikk i studiekvardagen

Tom Erik Engeset
Om du er nysgjerrig på korleis barnehagelærarutdanninga er, kva ein barnehagelærar gjer i arbeidskvardagen, kva interesser han kan få brukt i jobben og mykje meir om det innhaldsrike yrket – kan Tom Erik Engeset hjelpe deg godt på veg.
Vis mer
Dramundervisning ved Høgskulen i Volda
Cecilia Olofsson har alltid likt å dramatisere og spille teater. At hun fikk lære enda mer om det i utdanninga si og ta det med inn i jobben, ble et stort pluss for henne.
Vis mer

Jobb er jobb for mange. Åtte timer om dagen, fem dager i uka. Og som til tider kan kjennes som et pliktløp. Slik er det IKKE for Cecilia Olofsson. Hun er så heldig at hun får bruke interessen sin for dramatisering i jobben. De kreative sidene sine spiller hun ofte på i sitt daglige virke som barnehagelærer.

Tidligere barnehagelærerstudent ved Høgskulen i Volda, Cecilia Olofsson
Cecilia Olofsson

Det fikk seg et ekstra løft da hun tok barnehagelærerutdanning ved Høgskulen i Volda (HVO). Gjennom et halvt år hadde hun kun emnet Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama.

– Jeg ser på barna med andre øyne i dag med hjelp av kunnskapen jeg fikk under utdanninga. Jeg vil påstå at jeg bruker dramaturgiske virkemiddel hver dag sammen med barna. Musikk og drama er store og viktige fag i barnehagehverdagen, men de blir ikke verdsatt på den måten de burde. Jeg hadde uten tvil valgt Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama igjen – uten å nøle ett sekund.

Studieinnhald

Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket. Målet er å utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Det vert lagt vekt på at det er viktig med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barnet og andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Barnehagelærarutdanninga skal vere med å bidra til inkluderande praksis i barnehagen. 

Praksisopplæringa omfattar 100 dagar. Alt fråvære i praksis må takast att.
Praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert og er eit samarbeid mellom høgskulen og praksisbarnehagen. Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Det er praksisopplæring i alle studieåra. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu studenten til god profesjonsforståing. Erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar.

Praksis 3. studieår kan vere på eigen arbeidsplass under føresetnad av at studenten får rettleiing, variert og vurdert praksis. Dette vil utgjere 40 dagar. Barnehagen skal velje kvalifisert praksislærar som har førskule- eller barnehagelærarautdanning, og minimum tre års relevant arbeidserfaring etter fullført pedagogisk utdanning og formell rettleiarkompetanse.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du legge ved ei stadfesting frå arbeidsgjevar på at du vil ha ei arbeidstilknyting i minimum 40 % omfang i ein barnehage gjennom studieløpet, og stadfesting på at arbeidsgivar er villig til å signere ein partnarskapsavtale med Høgskulen i Volda.

Alternativ for generell studiekompetanse kan vere realkompetanse. 

Praksis og utveksling i utlandet

I det tredje studieår vil det bli lagt til rette for eit internasjonalt semester ved ein institusjon som Høgskulen i Volda har samarbeid med.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studentane har 3 læringsarenaer:

  1. Undervisning og sjølvsstudium av pensumlitteratur.
  2. Rettleia og vurdert praksis.
  3. Arbeidsplassen til studenten.

Det er lagt opp til variert undervisning og du vil møte både forelesing, studentseminar, gruppeøvingar og  praktisk arbeid. 

Hos oss får du også møte og arbeide saman med barn og barnegrupper i undervisninga utanom praksisperiodane. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og du kan ikkje ha meir enn 20% fråvære i dei enkelte emna.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

I første studieår er det 25 dagar fulltidspraksis i vårsemesteret. Alt fråvær må i regelen takast att.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Utdanninga kvalifiserer deg for å jobbe som pedagogisk leiar og styrar i barnehage. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon.

Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag retta mot undervisning i småskulen eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk blir du også kvalifisert for arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. 
Barnehagelærarutdanninga gir grunnlag for opptak til Master i barnehagekunnskap og Master i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiet har oppstart ved Høgskulen i Volda mandag 25. august 2025 kl. 09.30. Oppmøtestad vert annonsert seinare.

I deltidsutdanninga er det seks vekesamlingar på campus i Volda kvart studieår. I tillegg er det ein fast dag med undervisning på Zoom kvar veke. For dette kullet vert det kvar onsdag.

Samlingevekene første studieår er:
•    1. samling veke 35 (25.-31.08.25)
•    2. samling veke 45  (03.-09.11.25)
•    3. samling veke 49 (01.-06.12.25)
•    4. samling veke 4   (19.-25.01.26)
•    5. samling veke 17  (20.-26.04.26)
•    6. samling veke 21(18.-24.05.26)
 

Praksis 1. studieår er 25 dagar frå 02.02.-08.03.26, vekene 6 - 10.