Kvifor bli barnehagelærar? Tom Erik har svaret!

Om du er nysgjerrig på korleis barnehagelærarutdanninga er, kva ein barnehagelærar gjer i arbeidskvardagen, kva interesser han kan få brukt i jobben og mykje meir om det innhaldsrike yrket – kan Tom Erik Engeset hjelpe deg godt på veg.

Tom Erik Engeset

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Etter vidaregåande skule visste ikkje Tom Erik kva yrkesveg han skulle velje. Difor begynte han som vikar i ein barnehage – sidan har han aldri sett seg tilbake.

Han begynte på barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, vart tilsett som barnehagelærar i Hovdebygda barnehage i Ørsta etter studia, og no er han styrar i den same barnehagen.

Men lat oss skru tida nokre år tilbake. Kva var det som gjorde at Tom Erik valde denne utdanninga den gongen etter at han hadde vore russ?

– Då eg jobba som vikar etter vidaregåande, fann eg ut at eg ønskte å utgjere ein forskjell. Arbeidskvardagen då var meiningsfull, eg vart klar over at eg kunne spele på mine eigne interesser og treivst godt i barnehagen. Eg såg eit potensiale i korleis eg kunne bruke meg sjølv for å påverke kvaliteten i barnehagen. Eg hadde eit ønske om å vere med på å forme framtida, og gjere barna klare for livet som møter dei.

Fridom til å planlegge og gjennomføre aktivitetar

Tom Erik er glad han valde som han gjorde då han skulle bestemme seg for yrke. Å vere glad i barn er den viktigaste føresetnaden for å ta det valet han gjorde.

Ørstingen synest ikkje det er vanskeleg å forklare kva det er han liker med kvardagen sin i barnehagen og oppgåvene som følger med.

– Før eg blei styrar var det spesielt det å vere ein viktig del av barna sitt liv og kvardag, delta i leiken og legge til rette for utviklinga deira. Mine beste dagar på jobb er når eg utnyttar fridomen til å planlegge og gjennomføre aktivitetar som barna får ei felles oppleving av. Bygge eit fellesskap med gode og varme relasjonar, spele på styrkane til både barna og dei tilsette rundt meg og arbeide for ein god gruppedynamikk.

– Som barnehagelærar og pedagogisk leiar har ein også eit ansvar for å leie personalet og legge til rette for gode, faglege rettleiingssamtalar der vi saman utviklar oss, fortel Tom Erik.

Korleis er ein dag på jobben?

Det er mange arbeidsoppgåver å ta hand om i ein barnehage – av veldig variert art. Det er den store variasjonen mange barnehagelærarar set pris på.

Vi prøver å la Tom Erik forklare oss korleis ein ganske normal arbeidskvardag – om det finst – ser ut.

– Den består som oftast av oppgåver knytt til planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Heilt konkret kan ein seie at ein barnehagelærar planlegg det pedagogiske innhaldet i kvardagen som til dømes tur, uteaktivitet, samlingsstund, formingsaktivitet, matlaging osb. Saman med dei andre tilsette gjennomfører dei aktivitetar og leik saman med barna, seier Tom Erik før han held fram:

– I ettertid må ein sette av tid til å vurdere arbeidet sitt. Som barnehagelærar har ein også eit rettleiingsansvar overfor dei andre tilsette i barnehagen, som assistentar, fagarbeidarar og andre. Ein barnehagelærar kan ha ansvar for ei avdeling eller ei mindre gruppe i barnehagen.

Vi laga ein film med Tom Erik då han var tilsett som barnehagelærar og pedagogisk leiar i Hovdebygda barnehage. No er han styrar i samme barnehage.

Mykje praksis i studiet

Ved Høgskulen i Volda kan du studere til barnehagelærar på heiltid over tre år, eller på deltid over fire år. Studiet er lagt opp med jamlege praktiske undervisningsopplegg, der du får prøve ut ferdigheitene dine saman med barnehagebarn. 

For Tom Erik var det varierte innhaldet i utdanninga viktig, og dei store høgdepunkta var  praksisen ute i barnehagar kvart semester der han fekk prøve ut teori og fag saman med barna.

– Studiet byr på undervisning på ulike arenaer der ein erfarer ulike måtar å arbeide pedagogisk på ute i barnehagen, som med barn og snø, forteljarstund, matlaging og  estetiske aktivitetar. Under studiet får du høve til å finne fram den leikande vaksne som du har i deg. Du lærar om barn si utvikling, leik, planlegging, gjennomføring, refleksjon, barn med nedsett funksjonsevne, mangfald m.m.

– Gjennom studiet er det også eit stort fokus på samarbeid og leiing av både barn, barnegruppe og andre vaksne, som er svært relevant for arbeid i barnehagen, fortel styraren i Hovdebygda barnehage. 

Som barnehagelærarstudent får du moglegheita til å velje fag, slik at du kan spele spesielt på dine interesser. Det var midt i blinken for Cecilia som liker å dramatisere, og som difor valde emnet Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama.

Må ha ønske om å vere ein god rollemodell

– Kvifor skal unge vaksne søke seg til barnehagelærarstudiet, Tom Erik?

– Barnehagesektoren treng motivert ungdom som vil utgjere ein forskjell. Du skal søke barnehagelærarstudiet fordi du har eit stort ønske om å arbeide med barn, i samarbeid med andre tilsette i barnehagen.

– Gjennom studiet er det seks praksisbolkar fordelt på tre år, og ein får høve til å sette faget ut i praksis og gjere seg erfaringar og gode refleksjonar undervegs. Som student blir du kjend med deg sjølv, og utviklar deg som leiar for både barn og tilsette. Du skal ønske å bli ein leiar og ein god rollemodell for både barna, dei tilsette og dei føresette, svarar han.

I Hovdebygda barnehage fungerer kvardagen godt under stødig leiing.

– Korleis er det å vere styrar da, Tom Erik? Likar du deg?

–  Det å gå frå pedagogisk leiar til styrar i barnehagen har gjort meg meir bevisst på heilskapen i barnehagen. Som styrar har du ein meir administrativ funksjon med ansvar for personalet, økonomi og fagleg utvikling i barnehagen. Eg skal sørge for at det pedagogiske arbeidet er i tråd med barnehagelova og rammeplanen.

– Gjennom individuelle samtalar med personalet mitt jobbar eg med rettleiing og kartlegging av kompetansen og eigenskapane til personalet, som eg ønsker dei skal bruke i arbeidet med barna. Heldigvis har eg eit handlingsrom som eg kan utnytte til å bruke saman med barna. Nokre gongar berre små drypp og besøk, andre gongar sett eg meg ned saman med barna. Sjølv om eg er styrar, er det framleis barna som er det viktigaste i barnehagen, seier Tom Erik.

Møtt av strålande barn

Og nettopp barna er det han gler seg aller mest til når han skal ta til med ein ny arbeidsdag. Når vi spør han om det er noko spesielt vi som ikkje jobbar i ein barnehage ikkje er klar over med yrket, kjem svaret:

– Du som ikkje jobbar i barnehagen i dag – blir du møtt kvar morgon av andre menneskjer som verkeleg ser deg som den du er? Blir du møtt av barn som har gleda seg til at akkurat du skal komme på jobb, slik at leiken frå i går kan fortsette? Kan du bruke arbeidsdagen din saman med andre barn og vaksne til å spele fotball, gå på tur, lage bål, spele gitar, lage mat, lage dorullnissar...ja kva kan du eigentleg ikkje gjere i barnehagen? Som tilsett i barnehagen har du eit stort handlingsrom til å arbeide på den måten du sjølv ønsker – og bruke deg sjølv.

Profileringsbilete. Lærar i Nordvest

LærariNordvest

LærariNordvest er ei ny satsing på Høgskulen i Volda der målsettinga er å rekruttere studentar for å sikre kommunane nok kvalifiserte lærarar til vår region.

Les meir om LærariNordvest

Del på: