Bachelorgrad
Design, kunst og handverk
I dette studiet får du kompetanse i skapande handling, kunnskap om kunstnariske uttrykksformer, og du lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Heiltid
- Studiepoeng:
- 180,0
- Varigheit:
- 6 semester (3 år)
- Studietype:
- Bachelorgrad
- Søk frå:
- 06.02.2025 - 15.04.2025
Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing er berande innhald gjennom alle tre åra.
Du vert ein del av eit stort engasjert og inspirerande fagmiljø som skal bidra til at du kan realisere eigne idear, utøve og formidle kunst og kultur. Utdanninga er lokalisert i nyoppussa og velutstyrte verkstadar.
Graden kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunst- og designfaglege utdanningar, praktisk- pedagogisk utdanning (PPU) og masterprogram.
MERK! Regjeringa går inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030. Du kan då bygge på med PPU om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.
Innblikk i studiekvardagen
Ved Høgskulen i Volda møtest studentar på tvers av utdanningar og tek emne saman. Det skapar ein heilt unik og kreativ arena som Ola Snippen var ein del av – no jobbar han vidare med ideen frå studietida om å lansere ein kunstkonteinar.Vis mer
Ved Høgskulen i Volda møtest studentar på tvers av utdanningar og tek emne saman. Det skapar ein heilt unik og kreativ arena som Ola Snippen var ein del av – no jobbar han vidare med ideen frå studietida om å lansere ein kunstkonteinar.
I eit klasserom ved Høgskulen i Volda sit studentar som er dyktige på å lage ting med hendene sine, nokre er rå på å formidle, andre er glad i teknologi og andre kongar og dronningar av sosiale medium.
Dette kunne ha vore bakteppet for oppstarten av fleire emne studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) kan velje, no er det Entreprenørskap i kreative næringar det dreiar seg om.
I mange av utdanningane ved HVO kan studentane velje nokre av emna sine, i til dømes ein bachelorgrad. Eit anna døme er emnet Outdoor Media Production.
Ola Snippen var ein av desse studentane. Han var ein av dei som var flink til å skape ting med hendene sine. Men også til å fotografere. Og har kreative tankar fremst i pannebrasken. Snippen glei godt inn i klassa i Entreprenørskap i kreative næringar.
– Det beste frå alt
Rundt eit halvår etter at Snippen var ferdig med dette emnet og bachelorgraden sin i design, kunst og handverk, jobbar han framleis med det same som han gjorde i emnet Entreprenørskap i kreative næringar. Ein kunstkonteinar. Ein konteinar som kan bli fylt av kunst, flytta rundt og vere til glede der ein har kunst å vise fram, men nødvendigvis ikkje ein stad å vise det fram.
Ideen dukka opp i hovuda til desse studentane, i dette klasserommet. Som i Snippen sitt tilfelle bestod av ei gruppe på tre design, kunst og handverk-studentar og to studentar frå Bachelor i PR, kommunikasjon og media; Ida Wiik Olsen, Elise Bjørnsrud Aasen, Konstantin Delibashev og Andreas Røssevold, i tillegg til Snippen.
– Eg var veldig heldig med gruppa eg var plassert på. Eg vurderte sjølv å studere PR, kommunikasjon og media, så det var veldig moro å lære frå dei. Ida, som eg har jobba vidare med kunstkonteinaren med, studerte PR, kommunikasjon media – det har vore ein perfekt kombinasjon, seier Snippen.
Janne Heggvoll, fagansvarleg for Entreprenørskap i kreative næringar, følger opp.
– Denne gruppa er eit godt eksempel på korleis vi ønsker å ha det. Studentar som studerer design, kunst og handverk, musikk, teater og drama, medieproduksjon, friluftsliv og naturguide eller noko anna møtast og spelar på kvarandre sine styrkar og kunnskap. Då får ein det beste frå alt, meiner Heggvoll.
Lærer korleis lage bedrift
I Entreprenørskap i kreative næringar skal studentane kome opp med ein forretningsidé som dei kan vidareutvikle. Dei startar opp ei studentbedrift og registrerer den i Brønnøysundregisteret. Studentane presenterer oppgåva munnleg som sin eksamen, saman med ein skriftleg rapport.
– Alle studentane kan sit eige fag, så blir utfordringa deira og sjå kva dei kan bruke dette til saman. Nokre er gode idéskaparar, nokre skapar noko fysisk, andre er god på marknadsføring. I tillegg får dei ny kunnskap gjennom undervisninga, til dømes om det å starte opp ei ny bedrift og alt som følger med det, forklarar Heggvoll.
Snippen er glad for å ha med seg all læringa han fekk, både av forelesarane og medstudentane.
– Det var nyttig å lære om det å opprette bedrift, skrive forretningsplan og kvar ein kan søke om pengar. Vi lærte og å samarbeide betre, og at ærlegdom varar lengst, sjølv om sanninga kan vere ukomfortabel.
– Har du lært noko av dette som du kan få nytte av i yrkeslivet?
– Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner er alltid kjekt å ha, både i yrkesliv og private relasjonar. I tillegg held eg på å realisere kunstkonteinaren, så eg har tatt med meg sjølve forretningsideen ut i livet.
– Mykje rart og kreativt studentane driv med
Gruppa til Snippen landa altså på ein kunstkonteinar som sin idé. Ei innovativ løysing, som dei kom fram til gjennom mykje god diskusjon.
– Det er eit mobilt kunstgalleri med mål om å få kunsten ut til dei som ikkje har ein arena for å oppleve den frå før. Det er ein shippingcontainer gjort om til eit lite kunstgalleri som kan flyttast og plasserast på kreative stader. Tanken er at ved opningar av nye utstillingar skal ein inkludere lokalmiljø for å lage arrangement som konsertar, poesikveldar, debattar og anna, forklarar Snippen.
Dei la ned mykje arbeid før dei kom fram til dette. Grafiske element og logo for å bruke i marknadsføring og merkevarebygging var mellom anna tidkrevjande arbeid. Når han ser tilbake på dette og studietida i Volda generelt, smiler Snippen godt. Starten var prega av koronaviruset, men så:
– Mot slutten når alle klasser fekk vere i verkstadane samtidig, opplevde eg kor godt fellesskapet var. Spesielt inn mot eksamen då det var mange studentar på verkstadane frå morgon til kveld kvar dag, også i helger. Det var veldig motiverande og engasjerande å sjå andre i same båt, og kunne slå av ein prat eller få ut litt frustrasjon. Det er og veldig moro å sjå kva andre driv på med av kreativt utanom studia – folk driv med så mykje rart, det var gøy å oppleve det på nært hald, seier Snippen.
Ein plan for å leve av kunsten
Då Snippen og gruppa hans skulle få dommen på prosjektet sitt, gjekk flagga til topps. Ikkje berre var førstelektor Heggvoll godt nøgd:
– Den eksterne sensoren frå Høgskulen på Vestlandet vart «blown away». For det første er forretningsideen deira god. I tillegg hadde dei gjort eit svært godt arbeid med visuell profil, logo og profilartiklar, synest Heggvoll.
Snippen og medstudent Ida Wiik Olsen har gått vidare med kunstkonteinaren. No er det mest Snippen som jobbar med å få den lansert. Konteinaren er på plass, vidare vil den kreative nordfjordingen arbeide for å få den opp å stå. Ikkje beint fram det, heller. Han treng pengar, og har vore på friarferd. Sjølv er han optimistisk til at han skal få realisert kunstkonteinaren og sendt den rundt om i landet.
– Kva er det som gjer at du ønsker å skape noko og drive for deg sjølv?
– Hmm, eg trur ønsket om å skape er eit grunnleggande behov i meg. Å drive for meg sjølv handlar om det behovet for å skape og jobbe med noko eg ser som meiningsfylt. Det er kanskje litt narsissistisk, men eg vil skape noko som betyr noko for meg sjølv, i tillegg til dei eg er glad i. Betyr det noko for andre, er det berre ein veldig bonus. Det er eit spørsmål eg framleis tenkjer på og kanskje aldri finn heilt svaret på…?, svarar 24-åringen.
Han går all in med kunstkonteinaren, men har fleire bein å stå på om han ikkje lukkast. Znippen.no er nettsida og smeltedigelen for alle dei kreative tenestene og varene han kan levere.
– Znippen har alltid vore med meg som eit slags pseudonym. Eg bytta s-en i etternamnet mitt med «z» på barneskulen fordi eg syns Z var kult, og det har berre blitt med vidare. Eg har opp gjennom hatt mange ulike prosjekt, men Znippen er liksom paraplyen over alt kreativt eg driv på med.
Eg har ikkje lyst til at alt eg gjer skal handle om meg, difor brukar eg Znippen for å få ein viss avstand. Akkurat no er det tekstil, foto og motedesign det gjeng i. Eg har eit merke kalla Sovesveis, der eg plantefarger silkeskjerf og designar anna tilbehøyr. I tillegg jobbar eg med fleire fotoprosjekt som gjeng over fleire år. Snart kjem det ei fotobok som handlar om einsemd, fortel Snippen.
Med det blir altså enda fleire kreative idear av skapande studentar frå Høgskulen i Volda sett ut i livet. Og heilt sikkert ikkje dei siste.
Teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst er noko av det Stine Hatlebakk får drive med i heilt nyoppussa verkstadar i Volda. Her får du vite meir om Bachelor i design, kunst og handverk og Stine sin veg til å bruke utdanninga til å bli lærar.Vis mer
Teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst er noko av det Stine Hatlebakk får drive med i heilt nyoppussa verkstadar i Volda. Her får du vite meir om Bachelor i design, kunst og handverk og Stine sin veg til å bruke utdanninga til å bli lærar.
Hei! Mitt namn er Stine og eg går tredje året Bachelor i design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. Ved dette studiet blir ein introdusert for veldig mykje forskjellig innan skapande arbeid. Vi lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Studiet tek utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Det vil seie at ein kan kvalifisere til å arbeide i skulen gjennom bachelorutdanninga ved Høgskulen i Volda. Vi jobbar med teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst for å nemne noko.
Min plan er å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter bacheloren, og få kompetanse som faglærar frå 5. trinn i grunnskulen og til og med vidaregåande skule. Å kunne vere med på å gi barn og unge eit rom for å uttrykke seg kreativt og å løfte fram verdien av kunst og handverk i skulen, er noko eg er svært opptatt av. Om du er glad i å jobbe kreativt, vil eg så absolutt anbefale deg å søke!
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Praksis og utveksling i utlandet
Som student ved Bachelor i design, kunst og handverk kan du ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Storbritannia og USA.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium.
I tillegg er det fleire studiereiser i løpet av studietida. Studentar får prosessevaluering i arbeidsøktene og i presentasjonssituasjonar.
Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Bachelor i design, kunst og handverk kvalifiserer mellom anna for jobbar innanfor kulturskulen, museum og galleri eller til kulturarbeid i kommunsektoren.
Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir deg undervisningskompetanse i skulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiestart for alle nye studentar er tysdag 19. august 2025.
Pensum
Studieplan
Design, kunst og handverk - bachelor
Studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori.
Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing. Kunst- og formkultur er berande innhald gjennom alle tre åra.
Graden kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunst- og designfaglege utdanningar og masterprogram.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har inngåande kunnskap om materiale, teknikkar, og verkty knytt til fagområdet design, kunst og handverk
- har kunnskap om nasjonal og internasjonal kunst- og formkultur
- har inngåande kunnskap om visuell kommunikasjon i vid tyding
- har inngåande kunnskap om idèutvikling
- har kjennskap til faget som skule-, kultur- og forskingsfag
- har kunnskap om gjenbruk og berekraftig utvikling
- har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og kjennskap til gjeldande planverk for grunn- og vidaregåande skule
- har kunnskap om estetiske læringsprosessar, gjennom praktisk arbeid og teori
- har kunnskap om fagdidaktikk i kunst- og handverk.
Studenten:
- kan nytte teknikkar, verkty og materialar på ein tilsikta måte
- kan nytte og vurdere kunst- og formkultur som referanse for eige skapande arbeid, og i formidlingssituasjonar for barn og unge
- kan kommunisere gjennom fysiske og visuelle produkt, bestemte bodskapar eller funksjonar
- kan utvikle kreative produksjonar ved hjelp av kritisk bruk av problemløysingsmetodar
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan nytte faghistoria som referanse for gjeldande planverk for skulen, og vurdere faget sin verdi i eit framtidsperspektiv
- kan leggje til rette for estetiske opplevingar gjennom ulike typar aktivitetar og presentasjonar
- kan nytte teori om estetiske læringsprosessar i relevante samanhengar
- kan nytte fagdidaktisk teori og erfaring i relevante samanhengar.
Studenten.
- kan bruke digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering
- kan nytte seg av forskingsresultat i eige arbeid og formidling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområde, materiale og verkstader
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Bachelorprogrammet går over 3 år og utgjer 180 studiepoeng. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng:
Det er høve til å velje eit semester hos internasjonal utdanningsinstitusjon, i haustsemesteret 3. studieår (sjå: https://www.hivolda.no/utveksling).
Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar frå andre høgskular og universitet.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet, er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking.
Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Internasjonalisering | 30 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studentane må pårekne innkjøp av litt basisutstyr.
HVO tilbyr eit rikt utval av samarbeidande institusjonar.
Studentane betalar ei materialavgift pr. emne. Denne dekkjer felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i dei aktuelle emneplanane. I tillegg må studenten pårekne innkjøp av litt materiale til bruk i eige eksamensarbeid, i enkelte av emna. Kostnader ved studieturar må studenten dekkje sjølv. Dersom ein ikkje har høve til å delta kan ein søkje om alternativt opplegg i samråd med lærar.