Design, kunst og handverk

Årsstudium

Design, kunst og handverk er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, design, handverk og kunst. På timeplanen står mellom anna idéutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verktøy knytt til skapande prosessar.

Du vert ein del av eit engasjert og inspirerande fagmiljø som vil sette deg i stand til å realisere eigne idear og prosjekt, samt utøve og formidle kunst og kultur. Vi jobbar i nyoppussa og velutstyrte verkstader. 

Følg oss på Instagram og Facebook!

 

  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Som student på design, kunst og handverk er det rom til å arbeide med eigne prosjekt. Ingeborg Eikenæs likar å kalle seg sjølv for "hobbyklesdesignar" og tek gjerne opp bestillingar på kle og reparerer friluftslivutstyr.

Robert Steinnes er tilsett ved Høgskulen i Volda, Design, kunst og handverk og ynskjer å formidle skaparglede til studentane.

Velkomen til digitalt ope hus på Design, kunst og handverk! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april! 

Kunstkonteinar laga av studentar ved Høgskulen i Volda

Ved Høgskulen i Volda møtest studentar på tvers av utdanningar og tek emne saman. Det skapar ein heilt unik og kreativ arena som Ola Snippen var ein del av – no jobbar han vidare med ideen frå studietida om å lansere ein kunstkonteinar.

Ved Høgskulen i Volda møtest studentar på tvers av utdanningar og tek emne saman. Det skapar ein heilt unik og kreativ arena som Ola Snippen var ein del av – no jobbar han vidare med ideen frå studietida om å lansere ein kunstkonteinar. 

I eit klasserom ved Høgskulen i Volda sit studentar som er dyktige på å lage ting med hendene sine, nokre er rå på å formidle, andre er glad i teknologi og andre kongar og dronningar av sosiale medium.

Dette kunne ha vore bakteppet for oppstarten av fleire emne studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) kan velje, no er det Entreprenørskap i kreative næringar det dreiar seg om. 

I mange av utdanningane ved HVO kan studentane velje nokre av emna sine, i til dømes ein bachelorgrad. Eit anna døme er emnet Outdoor Media Production.

Ola Snippen var ein av desse studentane. Han var ein av dei som var flink til å skape ting med hendene sine. Men også til å fotografere. Og har kreative tankar fremst i pannebrasken. Snippen glei godt inn i klassa i Entreprenørskap i kreative næringar.

– Det beste frå alt

Rundt eit halvår etter at Snippen var ferdig med dette emnet og bachelorgraden sin i design, kunst og handverk, jobbar han framleis med det same som han gjorde i emnet Entreprenørskap i kreative næringar. Ein kunstkonteinar. Ein konteinar som kan bli fylt av kunst, flytta rundt og vere til glede der ein har kunst å vise fram, men nødvendigvis ikkje ein stad å vise det fram.

Ola Snippen, tidlegare student ved Høgskulen i Volda
Ola Snippen var med å utvikle ideen  om kunstkonteinaren.

Ideen dukka opp i hovuda til desse studentane, i dette klasserommet. Som i Snippen sitt tilfelle bestod av ei gruppe på tre design, kunst og handverk-studentar og to studentar frå Bachelor i PR, kommunikasjon og media; Ida Wiik Olsen, Elise Bjørnsrud Aasen, Konstantin Delibashev og Andreas Røssevold, i tillegg til Snippen.

– Eg var veldig heldig med gruppa eg var plassert på. Eg vurderte sjølv å studere PR, kommunikasjon og media, så det var veldig moro å lære frå dei. Ida, som eg har jobba vidare med kunstkonteinaren med, studerte PR, kommunikasjon media – det har vore ein perfekt kombinasjon, seier Snippen.

Janne Heggvoll, fagansvarleg for Entreprenørskap i kreative næringar, følger opp.

– Denne gruppa er eit godt eksempel på korleis vi ønsker å ha det. Studentar som studerer design, kunst og handverk, musikk, teater og drama, medieproduksjon, friluftsliv og naturguide eller noko anna møtast og spelar på kvarandre sine styrkar og kunnskap. Då får ein det beste frå alt, meiner Heggvoll.

Lærer korleis lage bedrift

I Entreprenørskap i kreative næringar skal studentane kome opp med ein forretningsidé som dei kan vidareutvikle. Dei startar opp ei studentbedrift og registrerer den i Brønnøysundregisteret. Studentane presenterer oppgåva munnleg som sin eksamen, saman med ein skriftleg rapport.

– Alle studentane kan sit eige fag, så blir utfordringa deira og sjå kva dei kan bruke dette til saman. Nokre er gode idéskaparar, nokre skapar noko fysisk, andre er god på marknadsføring. I tillegg får dei ny kunnskap gjennom undervisninga, til dømes om det å starte opp ei ny bedrift og alt som følger med det, forklarar Heggvoll.

Snippen er glad for å ha med seg all læringa han fekk, både av forelesarane og medstudentane.

– Det var nyttig å lære om det å opprette bedrift, skrive forretningsplan og kvar ein kan søke om pengar. Vi lærte og å samarbeide betre, og at ærlegdom varar lengst, sjølv om sanninga kan vere ukomfortabel.

– Har du lært noko av dette som du kan få nytte av i yrkeslivet?

– Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner er alltid kjekt å ha, både i yrkesliv og private relasjonar. I tillegg held eg på å realisere kunstkonteinaren, så eg har tatt med meg sjølve forretningsideen ut i livet.

– Mykje rart og kreativt studentane driv med

Gruppa til Snippen landa altså på ein kunstkonteinar som sin idé. Ei innovativ løysing, som dei kom fram til gjennom mykje god diskusjon.

– Det er eit mobilt kunstgalleri med mål om å få kunsten ut til dei som ikkje har ein arena for å oppleve den frå før. Det er ein shippingcontainer gjort om til eit lite kunstgalleri som kan flyttast og plasserast på kreative stader. Tanken er at ved opningar av nye utstillingar skal ein inkludere lokalmiljø for å lage arrangement som konsertar, poesikveldar, debattar og anna, forklarar Snippen. 

Snippen
Logoen til kunstkonteinaren kan du kanskje sjå langs vegkanten i nærleiken av der konteinaren blir stilt ut i framtida.

Dei la ned mykje arbeid før dei kom fram til dette. Grafiske element og logo for å bruke i marknadsføring og merkevarebygging var mellom anna tidkrevjande arbeid. Når han ser tilbake på dette og studietida i Volda generelt, smiler Snippen godt. Starten var prega av koronaviruset, men så:

– Mot slutten når alle klasser fekk vere i verkstadane samtidig, opplevde eg kor godt fellesskapet var. Spesielt inn mot eksamen då det var mange studentar på verkstadane frå morgon til kveld kvar dag, også i helger. Det var veldig motiverande og engasjerande å sjå andre i same båt, og kunne slå av ein prat eller få ut litt frustrasjon. Det er og veldig moro å sjå kva andre driv på med av kreativt utanom studia – folk driv med så mykje rart, det var gøy å oppleve det på nært hald, seier Snippen.

Ein plan for å leve av kunsten

Då Snippen og gruppa hans skulle få dommen på prosjektet sitt, gjekk flagga til topps. Ikkje berre var førstelektor Heggvoll godt nøgd:

– Den eksterne sensoren frå Høgskulen på Vestlandet vart «blown away». For det første er forretningsideen deira god. I tillegg hadde dei gjort eit svært godt arbeid med visuell profil, logo og profilartiklar, synest Heggvoll.

Snippen
Kanskje kan du ta med deg eit slikt nett om du vitjar kunstkonteinaren.

Snippen og medstudent Ida Wiik Olsen har gått vidare med kunstkonteinaren. No er det mest Snippen som jobbar med å få den lansert. Konteinaren er på plass, vidare vil den kreative nordfjordingen arbeide for å få den opp å stå. Ikkje beint fram det, heller. Han treng pengar, og har vore på friarferd. Sjølv er han optimistisk til at han skal få realisert kunstkonteinaren og sendt den rundt om i landet.

– Kva er det som gjer at du ønsker å skape noko og drive for deg sjølv?

– Hmm, eg trur ønsket om å skape er eit grunnleggande behov i meg. Å drive for meg sjølv handlar om det behovet for å skape og jobbe med noko eg ser som meiningsfylt. Det er kanskje litt narsissistisk, men eg vil skape noko som betyr noko for meg sjølv, i tillegg til dei eg er glad i. Betyr det noko for andre, er det berre ein veldig bonus. Det er eit spørsmål eg framleis tenkjer på og kanskje aldri finn heilt svaret på…?, svarar 24-åringen.

Han går all in med kunstkonteinaren, men har fleire bein å stå på om han ikkje lukkast. Znippen.no er nettsida og smeltedigelen for alle dei kreative tenestene og varene han kan levere.

– Znippen har alltid vore med meg som eit slags pseudonym. Eg bytta s-en i etternamnet mitt med «z» på barneskulen fordi eg syns Z var kult, og det har berre blitt med vidare. Eg har opp gjennom hatt mange ulike prosjekt, men Znippen er liksom paraplyen over alt kreativt eg driv på med. 

Eg har ikkje lyst til at alt eg gjer skal handle om meg, difor brukar eg Znippen for å få ein viss avstand. Akkurat no er det tekstil, foto og motedesign det gjeng i. Eg har eit merke kalla Sovesveis, der eg plantefarger silkeskjerf og designar anna tilbehøyr. I tillegg jobbar eg med fleire fotoprosjekt som gjeng over fleire år. Snart kjem det ei fotobok som handlar om einsemd, fortel Snippen. 

Med det blir altså enda fleire kreative idear av skapande studentar frå Høgskulen i Volda sett ut i livet. Og heilt sikkert ikkje dei siste.

Huskonsert med musikk

Visste du at du kan gå på konsert her på høgskulen? Eller hva med teaterforestilling? Kanskje du heller kan tenke deg en kunstutstilling? På Høgskulen i Volda er det hvert semester et rikt tilbud av aktiviteter som studentene på avdeling for kulturfag fremfører som en del av studiene sine.

Visste du at du kan gå på konsert her på høgskulen? Eller hva med teaterforestilling? Kanskje du heller kan tenke deg en kunstutstilling? På Høgskulen i Volda er det hvert semester et rikt tilbud av aktiviteter som studentene på avdeling for kulturfag fremfører som en del av studiene sine.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid. Arbeidsbok vert brukt som metode i dei fleste emna for å gi eit tydelegare bilete av eiga utvikling. Metoden bygger på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og formulerer nye mål innanfor det aktuelle fagfeltet.Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir innføring i ei rekke materialområde innan kunstfagleg praksis og kan nyttast som eit forstudie til anna høgare utdanning innan kunst og arkitektur.

Studiet kan inngå i og er identisk med første året i Bachelor i Design, kunst og handverk, som gir fagleg og didaktisk kompetanse for undervisning i kunst, design og handverk i skulesektoren, eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studie er eit heiltidsstudie og ein må rekne med fire undervisningsdagar (to på kvart emne) i veka på det jamne. Undervisningsdagar haustsemesteret:

KOH 131 Visuell kommunikasjon - tysdag og onsdag.

KOH 133 Teikning og måling - måndag og fredag.

 

Oppstart studieåret 2024/2025 er tysdag 20. august. Undervisninga startar opp same veka. Meir informasjon kjem i Canvas nærare studiestart.

 

Pensum

Pensumlister haustsemester 1. studieår:

KOH 131 Visuell kommunikasjon her.

KOH 133 Teikning og måling her.

Studieplan

Design, kunst og handverk - årsstudium

Studieprogram: 
Design, kunst og handverk - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
18
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Årsstudiet i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstneriske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. 

Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.

Årsstudiet kan byggjast på til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i design, kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for vidare utdanningar og masterprogram. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Generell kompetanse

Studenten: 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Organisering og arbeidsmåtar

Studieprogrammet er bygd opp av 4 obligatoriske emne à 15 studiepoeng. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar, frå andre høgskular og universitet.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking.

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

 

Design, kunst og handverk - årsstudium
Navn: 
Design, kunst og handverk - årsstudium
Kostnader

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg
Janne Heggvoll, Janne.heggvoll@hivolda.no, 700 75 262
  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 223 630

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt