Vidareutdanning (bachelornivå)
Entreprenørskap i kreative næringar
Kva potensial ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis kan idear realiserast, og kva må til for å etablere eit eige føretak? Studiet lærer deg korleis fagkompetanse din kan danne grunnlaget for di eiga verksemd og verdiskaping. Personleg utvikling og rolla som samfunnsbyggjar blir også vektlagt.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Entreprenørskap i kreative næringar eignar seg spesielt godt for deg som har utdanning innanfor praktiske fagområde knytt til medie- eller kulturfeltet.
Studieinnhald
Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet og etablering og kommersialisering.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, praktiske og næringsretta prosjekt i grupper, og individuelt arbeid. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiet er eit enkeltemne på 15 stp. og ein må rekne med ein undervisningsdag i veka på det jamne. I tillegg må ein rekne med å sette av tid til arbeid i studentbedrift.
For oppstart våren 2025 kjem det meir informasjon i november/desember 2024.