Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn
Denne vidareutdanninga er tilrettelagd for lærarar som ønskjer å få praktisk erfaring og å utvikle den teoretiske og fagdidaktiske kunnskapen sin i skulefaget kunst og handverk, gjennom dei to emna Trearbeid i framtidsskulen og Teikninga lever.
Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2025 - 15.04.2025
Arbeidsformene i studiet vil veksle mellom praktisk utøvande arbeid, teoretisk tilnærming, og didaktisk refleksjon knytt til studenten sin eigen praksis som lærar.
Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:
Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.
Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.
Innblikk i studiekvardagen
Institutt for design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda startar frå hausten av femte runde med vidareutdanning for lærarar gjennom ordninga Kompetanse for kvalitet (KFK). Ordninga har gode stipend og vikarordningar. Studiet er nettbasert med 4 spennande, sosiale og lærerike samlingar i våre verkstadar i Volda i løpet av studieåret. Få eit innblikk i studiet her.
Vis mer
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).
Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstaden, erfaring i bruk av verkty og maskiner, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og prosessar, som står sentralt i kunst og handverksfaget. I tillegg til samlingane er det digitale læringsløyper og nettmøter.
Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar også nettbasert. For å kunne gå opp til eksamen må 80 % av alle læringsløyper gjennomførast innan fastsatt frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir etterspurd kompetanse i grunnskulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar studieåret 25/26:
Haust 2025: frå måndag kl 12 til fredag kl 12 i veke 36 og 46. Samlinga i veke 36 er fyrste undervisning på studiet. Informasjon om semesteret publiserast i Canvas i forkant av fyrste samling.
Vår 2026: frå måndag kl 12 til fredag kl 12 i veke 6 og 19. Semesteret startar med læringsløype på nett i veke 2.
Læringsløyper:
Publiserast i Canvas kvar måndag i partalsveke. Desse studerer studentane sjølv. Informasjon om læringsløyper gis ved fyrste samling.
Rettleiingar:
Ein ettermiddag i oddetalsveke. Tidspunkt blir bestemt ved fyrste samling.
Pensum
Pensumlister blir publisert på heimesida og i Canvas før studiestart.
Studieplan
Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studieprogram:
Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
35
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)
Om studiet
Kunst og handverk 1 er eit vidareutdanningsstudie for grunnskulelærarar på 1.-10. trinn.
Studiet skal utvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere, samt involvere ulike kulturar gjennom skapande arbeid, og å tilpasse verkstadundervisning til elevar sine behov og interesser står sentralt. Gjeldande læreplanar, fagteori og fagdidaktikk, vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, og rolle som utøvar, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.
Faget i eit notids- og framtidsperspektiv skaper ramme om studietilbodet. Gjennom praktiske tilnærmingar får studentane erfaring med bruk og gjenbruk av materialar som gjev grunnlag for å utvikle ein etisk, miljømedviten undervisningspraksis. Programmet har som mål å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Studiet er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil sikre at studentene får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstedane. Erfaringar frå studenten sin undervisningskvardag vil inngå i heile studieforløpet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
Studenten
har kunnskap om skulefaget Kunst og handverk sine kjerneelement knytt til teikning og trearbeid
har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som grunnlag for refleksjon og undervisning
har kunnskap om faget sin plassering i den digitale skulekvardagen.
Ferdigheiter
Studenten
kan velje høvelege verkty, teknikkar og materiale innan teikning og trearbeid
kan bruke kunst- og formkultur som utgangspunkt for eige og elevar sitt skapande arbeid
kan reflektere over eigen undervisningspraksis med utgangspunkt i fagteori og fagdidaktikk
kan bruke og vurdere tenlege digitale verkty i eiga undervisning.
Generell kompetanse
Studenten
har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Organisering og arbeidsmåtar
Studiet er nett- og samlingsbasert med to samlingar pr. semester ved Høgskulen i Volda. Tilbodet består av 2 emne à 15 studiepoeng. Studenten gjennomfører eitt emne pr. semester.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studentane si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar blir vektlagt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6
Kunst og handverk for 1-10 årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Navn:
Kunst og handverk for 1-10 årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyr- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa at studenten har eigen bærbar PC og digital grunnkompetanse (epost, word, powerpoint osb).
Praksis
Studenten må vere praktiserande lærar, og såleis kunne nytte eigen skulepraksis i faget som refleksjonsgrunnlag i studiet.
Kostnader
Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne. Denne dekkjer felles innkjøpte material. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.