– Super innsikt i mediebransjen
Guro og medstudentane på medieproduksjon fekk mange motiverande møte med arbeidslivet som ventar, på bransjetreff på campus. Studentane stod sjølve for det vellukka arrangementet med inviterte mediebedrifter.
Bachelorutdanninga i medieproduksjon har sidan 2022 arrangert eit årleg bransjetreff på campus for sine studentkull. I samarbeid med prosjektet Praksis oppdrag og entreprenørskap (POE) er målet for arrangementet å gje studentane eit innblikk i korleis arbeidskvardagen kan sjå ut etter studietida, samstundes som at bransjen får innsikt i studentane sin kompetanse.
– Føremålet er først og fremst å knyte kontakt mellom bransjen og studentane for å bidra til arbeidslivsrelevans i studiet. Vi har hatt ulike former for bransjetreff i mange år, men dei tre siste åra har vi samla representantar frå ulike delar av bransjen til ei felles samling på hausten, forklarer høgskulelektor Irene Hillestad.
Bransjen som driv med produksjon av audiovisuelt innhald, er mangfaldig, og det er ikkje nødvendigvis like enkelt for studentar å orientere seg i moglegheitene som finst etter studietida. Treffet hadde difor eit mål om å invitere både store og små selskap som produserer alt frå kinodokumentarar og store tv-produksjonar til reklamefilm og innhald i sosiale medium. I tillegg var det også storfint besøk av både Filmforbundet og fleire frilansarar, som gav gode råd om korleis ein best mogeleg navigerer i arbeidslivet.
– Det er viktig å gjere mykje ut av det ein ynskjer å jobbe med i framtida. Bruk studietida til å arbeide deg opp ein base, både med det du gjer i samband med undervisning, og på fritida. I denne bransjen handlar det om produksjon, produksjon, produksjon for å bli god i det du interesserer deg for og ynskjer å jobbe med, motiverte fotograf Marius Beck Dahle som svar på eit spørsmål frå ein nysgjerrig student under første panelsamtale.
Desse bedriftene deltok på bransjetreffet:
- Dag 1: Novemberfilm, Oclin, NRK Vestland, Beck Studio og Bjerkan Media.
- Dag 2: NRK Urørt, Filmforbundet, Filmavdelingen, Einar Film, AVIA Produksjon og Aldeles.
Dyktige studentar i førarsetet
Nytt av året var at det var ein flott bukett studentar frå 3. klasse på medieproduksjon som stod for planlegginga og gjennomføringa av arrangementet. Det var denne gjengen som kontakta interessante bransjefolk, inviterte sine medstudentar og guida alle gjennom to dagar med spennande samtalar og nettverksbygging.
– Det blei lagt ned mange timar med møter, e-postar og telefonar i forkant av arrangementet. Gjennom godt samarbeid mellom oss studentar, og dessutan god hjelp frå lærarar og andre, synest eg vi klarte å gjere årets bransjetreff ekstra spesielt. Alt i alt var det veldig lærerikt og kjekt, og eg ville gjerne gjort det igjen, fortel den nøgde studenten Jay Ivar Engh Løvlid.
– Det var utruleg kjekt å få bli med på å planlegge og arrangere bransjetreffet! Vi fekk lære mykje om korleis ein kjem i kontakt med forskjellige selskap, og eg koste meg masse under sjølve arrangementet, sprudlar student Eirill Hognestad Steinset, før konferansier og student Guro Dalaker følgjer opp:
– Sjølv om det til tider var litt stressande, var det mest kjekt å vere med og arrangere bransjetreffet, som eg sjølv vil kalle to vellukka dagar! Det at vi fordelte programmet over to dagar, fungerte veldig bra, og eg vil nok anbefale at ein gjer det same neste år.
Spennande, lærerikt og viktig
Det siste programmet på planen begge dagane var standar. Her fekk studentane moglegheit til å stille sine siste spørsmål og snakke om laust og fast med bransjefolka. Under denne seansen var det godt nøgde studentar som gjekk innom ulike standar med nysgjerrigheit og iver.
– Det å vere med på bransjetreff har vore ei veldig kjekk og god oppleving. Det har vore svært lærerikt både fagleg og med tanke på korleis ein kjem i kontakt med bransjen. Det er god erfaring å ta med vidare, i tillegg til at vi har fått knytt viktige kontaktar, seier student Lea Maria Klepp Brekke med eit smil.
– Det har vore ei superfin mogelegheit for oss å få innsikt i mediebransjen og bli kjende med folk som jobbar med ting vi drøymer om dagleg. Vi har lært mykje av dei som kom på besøk til oss på skulen, og takkar dei for det. Med oss vidare har vi hjelpsame tips for korleis vi skal kome oss inn i bransjen, fortel student Guro Strømme Svendsen.
Sjekk ut fleire blinkskot frå årets bransjetreff her: