Norsk 2, nynorsk i opplæringa, 8.-13. trinn

Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Vidareutdanninga er nettbasert og retta mot lærarar som ønskjer meir kompetanse i bruk av nynorsk i opplæringa.

Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Læreplanen. 

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. All undervisning er nettbasert.

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar,  barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og nyttar læringsplattformen Canvas. Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav. Som avsluttande eksamen skal det leverast ei semesteroppgåve på ca 3000 ord.

Rettleiing, individuelt og i grupper, er ein viktig del av studiet. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir lærarar kompetanse til å drive god opplæring i nynorsk på 8.–13. årssteg.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Nettstudium, ingen oppmøte eller synkron undervisning. Første undervisningsmodul blir publisert i Canvas måndag 15. august

Studieplan

Norsk 2, nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Norsk 2, nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)

Om studiet

Studiet er primært retta mot lærarar som underviser på 8. - 13. steg i grunnopplæringa, og er 30 studiepoeng vidareutdanning for lærarar.

Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i tråd med intensjonane i Læreplanen.

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk, tekst og litteratur spesielt
  • språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
  • læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekstar på nynorsk
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
  • nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk
  • litteratur og litteraturformidling med vekt på nynorsk barne- og ungdomslitteratur
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • arbeide med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i eit nynorskperspektiv
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Generell kompetanse

Studenten skal

  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar. Sjå emnetabell.

Undervisninga er nettbasert og nyttar læringsplattforma Canvas. Kvart 15 studiepoengs-emne er delt i tre delemne med tilhøyrande pensum, digitalt undervisningsmateriell og skriftlege arbeidskrav. Ein sentral del av studiet er skriving på nynorsk, og studentane vil få rettleiing og vurdering frå faglærarar, i tillegg til å få og gje medstudentrespons.

Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk. Som avsluttande eksamen skal det leverast ei semesteroppgåve på om lag 3000 ord.

Norsk 2: Nynorsk i opplæringa, nettstudium, Kompetanse for kvalitet 8-13
Navn: 
Norsk 2: Nynorsk i opplæringa, nettstudium, Kompetanse for kvalitet 8-13
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Datamaskin med Internett.

Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet

Ansvarleg
Gudrun Kløve Juuhl
  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar,  barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

  • Studieplan
Løpende opptak

Søknadskode : 4161

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt