Årsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
Religion, kultur og samfunn
Studiet gir grunnleggande kunnskap om religionar, livssyn, etikk og filosofi, i tillegg til innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Heiltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 60,0
- Varigheit:
- Inntil 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Årsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Kunnskap om religionar og livssyn er viktig i dagens fleirkulturelle samfunn.
Studiet gir grunnleggande kunnskap om religionar, livssyn, etikk og filosofi, i tillegg til innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Det er relevant for mange yrkesgrupper, til dømes innanfor skule-, kultur og helsesektoren.
Studieinnhald
Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng:
- Religion og livssyn I (haust 24)
- Religion, media og populærkultur (haust 24)
- Religion og livssyn II (vår 25)
- Religion og samfunn (vår 25)
Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som ønskjer å ta 30 studiepoeng, rår ein til emna Religion og livssyn I og II, som gir innføringskunnskap på fagfeltet.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er nettbasert og all undervisning, rettleiing og eksamen vert gjennomført i undervisningsverktyet Canvas. Undervisninga er organisert i leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
I kombinasjon med ei lærarutdanning vil studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og i RE-faget i den vidaregåande skulen. Vidareutdanninga er også aktuell for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og kyrkje- og kulturliv.
Studiet grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium.
Studieplan
Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i nettstudiet Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- om religionar, livssyn, etikk og filosofi.
- om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet
- om religions- og livssynskritikk
- om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
- om heilage tekstar og religiøse praksisar
- om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen
- analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
- evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål
- evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg
- kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
- kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
- kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng
- kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk
Studiet består av fire emne. Studiet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas.
Emne | 2025 Vår | 2025 Haust |
---|---|---|
Studentane kan ta emna kvar for seg eller i ulike kombinasjonar | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |