Samfunnskunnskap
Årsstudium
Opnar for søking igjen 20.juli!
Årsstudium i samfunnskunnskap er identisk med første året i Bachelor i samfunnsutvikling ved Høgskulen i Volda.
Sentrale tematikkar vil vere:
- Berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå.
- Governance/styring; demokratiutøving, styringssystem og samstyring.
- Prosesskompetanse; prosjektarbeid, kommunikasjon og samhandling
Årsstudiet skal gi deg grunnleggande kunnskap om samspelet mellom politikk, økonomi, sentrale rettsområde og samfunnsplanlegging som verktøy for ei berekraftig samfunnsutvikling.
Sjølv om all tekst her er på nynorsk treng du ikkje å skrive nynorsk for å studere med oss!
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Gjennom studiet vil du møte varierte arbeids- og vurderingsformer, med både ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ekskursjonar.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudium i samfunnskunnskap gir etterspurd kompetanse som er aktuell for mange yrke. Studiet er identisk med første året av Bachelor i samfunnsutvikling ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velje å studere vidare for å fullføre bachelorgraden.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Vi startar tysdag 20. august 2024. Velkommen!
Pensum
I haustsemesteret vil det vere 3 emne som går parallelt. Kvart emne er på 10 stp og har eksamen i haustsemesteret.
Studieplan
Samfunnskunnskap - årsstudium
Årsstudium er identisk med første året i bachelorutdanninga i samfunnsutvikling.
Årsstudiet dekker sentrale tematikkar som:
- Berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå (PLA)
- Governance/styring; demokratiutøving, styringssystem og samstyring (GOV)
- Prosesskompetanse; prosjektarbeid, kommunikasjon og samhandling (PRO)
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha grunnleggjande kunnskap om:
- Det norske politiske system, og forholdet mellom stat, samfunn og borgarane
- Økonomiske og geografiske utviklingstrekk i samfunn
- Prosjektarbeid og prosjektgjennomføring
Studenten kan:
- Reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep
- Organisere og gjennomføre sjølvstendige metodiske og faglege arbeid, både individuelt og i grupper
- Presentere eit prosjekt skriftleg, munnleg og digitalt
Studenten skal ha kunnskap om:
- Samspelet mellom politikk, økonomi og sentrale rettsområde
- Samfunnsplanlegging som verktøy for berekraftig samfunnsutvikling
Gjennom studiet vil ein møte varierte arbeids- og vurderingsformer, med både ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ekskursjonar.
I årsstudiet får studentane praksiserfaring gjennom prosjektarbeid.
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 285