Lærar éin dag og underhaldar den neste: «Eg må klype meg sjølv i armen innimellom!»
HVO-lektor Borghild Otelie Aasebøstøl er mellom fleire som kombinerer undervisning ved høgskulen med å vere aktiv scenekunstnar. Den karismatiske nordlendingen reiser landet rundt som forteljar i eit populært Rorbua-show, der både Erna Solberg og Else Kåss Furuseth har vore med.
– For meg kan nok dette kallast ein draumejobb, seier HVO-lektor Borghild Otelie Aasebøstøl, ein av fleire lærarar ved Institutt for teater på Høgskulen i Volda (HVO).
Ho er ein av fleire som aktivt utøver scenekunst i kombinasjon med å undervise ved Høgskulen – til dømes skal kollegaen Raymond Corrado Knutsen til våren ut på sin andre turné med Minecraft-teater i regi av Riksteateret. Dette gjev lærarane ein oppdatert og inspirerande kompetanse å dele med studentane på HVOs utdanningar ved Avdeling for kulturfag.
Hybrid mellom lygarlag og talkshow
Kanskje har du høyrt om humorprogrammet «Du skal høre mye», som gjekk på NRK mellom 1987 og 2003? Sidan 2022 har Borghild Otelie gjenskapt denne forteljarforma på utselde scener over heile landet.
Målet er å fortelje historier og skrøner til publikum og kvarandre – også kalla ei krysning mellom lygarshow og talkshow.
– Konseptet er på mange måtar inspirert av, og ein hyllest til, «Du skal høre mye»-programmet, og me fortel skrøner som om dei var sanne, til kvarandre og publikum. Det som kanskje kan gjere oss meir «moderne», er at forteljingane vert fortalde av eit ensemble på mellom 20 og 35 år, fortel nordlendingen lattermildt.
Det var «senjaværingen» Sindre Olav Fredriksen som starta opp dette nye prosjektet, og som tok kontakt med Borghild Otelie for å få ho med. Etter kvart blei dei eit fast ensemble som Sindre Olav kunne ta med seg rundt i landet, og Borghild Otelie var ein sjølvskriven medlem.
Deler scena med alt frå lokale eldsjeler til rikskjendisar
I tillegg til den faste gruppa som reiser rundt i landet, tek gjengen også med seg ein lokal gjesteforteljar på scena. Dette har ført til at det er stor variasjon i kven Borghild Otelie deler scene med – men felles for dei alle er forteljargleda.
– Å skape den gamle gode «snakke saman i stova»-stemninga på scena er noko av det som kjenneteiknar det me driv med, seier ho.
Den engasjerte nordlendingen seier at når formidlinga blir gjort saman med ein lokal gjest, får dei fortalt lokale historier og skapt ei lokal forankring i kvart show.
– For eksempel var ordføraren i Harstad med då me var der, den lokale eldsjela «PG» deltok i Senja, og i Oslo har me hatt med oss både Erna Solberg, Erlend Elias og Else Kåss Furuset.
Tek erfaringane med inn i klasserommet
Som Borghild Otelie sjølv ordlegg seg, har ho ein slags «sjømannsturnus» ved HVO: Ho underviser i periodar og er ute og reiser med ulike show i andre periodar. Å kunne kombinere jobbar på denne måten skaper fordelar både for henne og for studentane.
– Hadde du spurt nokon av studentane mine om prosjekta eg driv med, kan dei nok mange av framsyningane mine inngåande, ler lektoren, og held fram:
– Eg trur eg hadde vore ein svært kjedeleg lærar om eg ikkje hadde fått jobba parallelt med prosjekt som eg er engasjert i og brenn for. I tillegg byggjer eg opp ein kompetanse på det feltet som studentane sjølve ein dag skal ut i. Rorbua-prosjektet treffer jo godt teaterstudentane, men eg har også undervist for barnehagelærarar og spelt på erfaringane mine frå barneframsyningar, seier Borghild Otelie, som sjølv gjennomførte bachelorgraden i teater og drama (Frå 2025: bachelor i skodespel og scenekunst) ved HVO i perioden 2010–2013.
Eit gje-og-ta-forhold som styrkjer kompetansen
Ved å trekkje ferske erfaringar inn i klasserommet gror det gode refleksjonar og diskusjonar kring sceneshow, etikk og teori i Volda. I tillegg til at studentane får lære gjennom dagsaktuelle erfaringar, bidreg studentane også til kompetanseheving for Borghild Otelie.
– Eg føler studentane reagerer svært positivt på at eg er aktiv i bransjen medan eg også underviser. I tillegg får eg mykje tilbake frå studentane gjennom å invitere dei på «prøverom» når eg jobbar med nye prosjekt. Då møter fleire av studentane frivillig opp etter skuletid for å kome med tilbakemeldingar og nye tankar kring det eg skal til med.
Den sceneglade læraren held dampen oppe: Til våren 2025 er ho aktuell med den nye forteljarframsyninga «Hvordan bygge en borg», som handlar om å vere ungdom og samtidig pårørande til eit søsken som slit med psykisk sjukdom.