Møt Teater og drama-student Kevin

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Lurer du på korleis det er å studere Teater og drama i Volda? Kevin fortel deg om sin kvardag som Teater og drama-student og om studentlivet i Volda.

Kevin Berntsen har ikkje angra eitt sekund på at han flytta frå Oslo til Volda for å studere. Det er på scenen den humørfylte teaterspiren liker seg alle best – og i Volda er han glad for å få prøve seg på det meste innan fagfeltet.

Han har vore innom alt ifrå dubbing, til å vere manusforfattar og skodespelar. 

– Dette gjer at det er rom til å utfordre seg på mykje forskjellig og bruke studietida på å finne ut av kva ein har lyst å jobbe med når studietida er over, seier Kevin. 


Studiekvardag og praktisk undervisning

For han startar ein vanleg studiedag som regel med ein kopp kaffi før han tek ein tur på skulen. I Undervisinga er som regel ein kombinasjon av teoretiske førelesingar og praktisk undervising. 

– Vi får lære alt i frå korleis ein er skodespelar framfor kamera, korleis ein speler inn lydbok til korleis ein skriv manus. Ein dag er aldri lik, seier han med eit smil om munnen.

I den praktiske undervisinga har studentane gjerne ei felles oppvarming før dei får oppgåver som er knytt til eit spesielt tema. 

– Dette kan vere alt ifrå improvisasjon til arbeid med tekst som vi arbeider med i grupper, fortel Kevin. 

Teater og drama-studentane i Volda har tilgang på to store teatersalar med gode lysriggar, eige kostymelager og rekvisittrom som dei kan bruke når dei vil. 


Studieturar 

I løpet av utdanninga i Volda har vi tre studieturar, fortel Kevin. 
•    Første året reiser dei til Ålesund på teaterfestivalen:  «Høstscena» og ser på teateroppsettingar. 
•    Andre året reiser dei til Oslo og har eit samarbeid med ulike bedrifter. Til dømes Lydbokforlaget der vi får prøve seg på lydbokarbeid, NRK der dei får prøve seg på radioteater og Nordubb der dei får prøve seg på å dubbe animasjonsfilmar og dokumentarar. 
•    Tredje året av utdanninga reiser dei til Stockholm for å sjå på barneteater, og lære seg korleis ein jobbar med teater for barn. 

 

Supersosialt og aktiv fritid

Kevin fann seg fort til rette i Volda og har fått seg eit hav av nye venner. Noko av æra for det vil han gi Studenthuset Rokken, der han arbeider som bartender.

– Eg er også aktiv i Student-TV der eg er med som reporter i artistintervju. I tillegg til dette har eg ein eigen podcast hos Volda studentradio, så det er sjeldan kjedeleg her. Volda som studiebygd er ganske lite og intimt på ein koseleg måte. Her er det det lett å bli kjent med folk, både på skulen og på fritida. 

 

Kva ønskjer du å gjere når du er ferdig som student i Volda?

– Når eg er ferdig i Volda har eg lyst til å ta ein master i skodespel i utlandet. I tillegg til dette ønskjer eg å ta ei praktisk pedagogisk-utdanning, slik eg kan jobbe som teaterpedagog i skulen.
 

 

Har du lyst å se flere innblikk fra studiehverdagen i Volda? Følg med på Instagram

 

 

Del på