Vidareutdanning (masternivå)
Tiltak mot rusproblem
I dette studiet fokuseres det på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk, og du vil få ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.11.2024
Studiet har løpande opptak.
Høgskulen i Volda tilbyr to vidareutdanningsemne på masternivå som samla gir oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, lovgjeving på og organisering av rusfeltet, samt behandling. Rus som kulturelt og sosialt fenomen (RUS301) går i haustsemesteret, medan Tiltak mot rusproblem (RUS302) går i vårsemesteret.
I masteremna vert det fokusert på på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
Studieinnhald
Tiltak mot rusproblem (RUS302) har tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
- organisasjonsstrukturen på rusfeltet
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)
Les meir i emneplan her
Opptakskrav
Fullført 3-årig høgare utdanning i sosial eller helsefag.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.
Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet er ein del av Master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering. Studentar som ønskjer å fullføre mastergraden, vil få emnet godskrive.
Les meir her
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling.
Studiesamlingane våren 2025 er lagt til vekene 4, 9 og 13. Måndag er studiedag, tysdag til fredag er undervisningsdagar.
Fyrste undervisningsdag er tysdag 21. januar 2025 kl. 09:15, stad kjem!
Undervisninga skjer i klasserom ved Høgskulen i Volda, og det er forventa at studentane møter og bidreg aktivt på alle samlingane. Det er eitt arbeidskrav i emnet, og dette kan krevje fysisk oppmøte og deltaking i seminar.