Utdanningsdagen - Barnehagelærar
Oppmøte: Hans Strøm-huset, Granskinga (HS220)
Barnehagen – arena for omsorg, leik, læring og danning.
Lurer du på kva du vil jobbe med? Viss du vil ha ein jobb som betyr noko, der du kan gjere ein forskjell, er barnehagelærar kanskje noko for deg!
Som barnehagelærar er du med på å forme barn si framtid. Du hjelper dei å lære og vokse, og du får ei viktig rolle i samfunnet. Du jobbar med å skape eit trygt og inkluderande miljø, der alle barn får like moglegheiter.
Når du jobbar med barn, vil du også lære mykje sjølv! Du blir flinkare til å kommunisere, løyse problem og leie grupper – ferdigheiter som du kan bruke i mange andre delar av livet.
I denne jobben får du bruke dine eigne interesser og vere kreativ. Kvar dag er forskjellig, og du kan lage spennande og lærerike aktivitetar for barna.
Det er stor etterspørsel etter barnehagelærar i Norge, så det er lett å finne jobb over heile landet.
Viss du melder deg på til å høyre om Barnehagelærarutdanning, vil vi vise deg korleis ein vanlig dag i barnehagen er, og ulike måtar du kan bli barnehagelærar på. Vi vil også seie litt om kva mogelegheiter som opnar seg etter at du er ferdig med utdanninga.