Utdanningsdagane - Samfunnsutvikling/samf.kunnskap

Her skal du møte

Sivert Aarflot-huset, rom 259

 

Er du samfunnsengasjert og vil vere med å planlegge for ei berekraftig samfunnsutvikling? Då kan bacheloren vår i samfunnsutvikling vere noko for deg!

Du lærer om ulike sider ved samfunnet vårt. Du lærer blant anna kva dei fysiske omgjevnadane har å seie for trivselen vår, og korleis vi som samfunn i fellesskap kan forvalte ressursane våre på berekraftig vis.

Som student hos oss møter du varierte undervisingsformer. Du får prøve ut ulike presentasjonsformer som du har nytte av i arbeidslivet, slik som VR-teknologi og podkast. Du får også øve deg på å planlegge og leie utviklingsprosessar i organisasjonar og lokalsamfunn. Gjennom ulike prosjektarbeid, ekskursjonar her i regionen, og ein studietur til utlandet, får du mange døme på korleis samfunnsutvikling forgår i praksis.

Det er stort behov for folk med kunnskap om samfunnsutvikling og utsiktene til arbeid er derfor gode både i offentleg, privat og i frivillig sektor.

I tillegg til bacheloren vår, tilbyr vi årsstudium i samfunnskunnskap. Årsstudium utgjer det først året i bachelorgraden vår.


Les meir om Bachelorgraden

Sjå også denne nettsida frå KMD om planutdanningar