Studer idrett eller friluftsliv i Volda!
Som idrett- og friluftslivstudent i Volda får du tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og sjølvsagt den praktfulle sunnmørsnaturen! Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv.

Finn ei utdanning som passar for deg!
Gode grunnar til å studere Idrett og friluftsliv i Volda:
- Nær kontakt mellom student og lærar.
- Studentane får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner og treningsrom, og vi har eigen kystfriluftsbase på Yksnøya.
- Vi har tett samarbeid med ulike aktørar i arbeidslivet gjennom heile studieløpet. Saman med Akademiet for personlig trening tilbyr vi studiar tett knytt til yrkeslivet.
- Bachelorgradprogrammet friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda kvalifiserar etter ein anerkjent internasjonal standard, som gjer at studentane kan kvalifisere seg til den høgthengande tittelen International Mountain Leader.
- Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet i verdas beste studiemiljø!