Studer idrett eller friluftsliv i Volda!

   

Studer idrett eller friluftsliv i Volda! 

Som idrett- og friluftslivstudent i Volda får du tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og sjølvsagt til den praktfulle sunnmørsnaturen! Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv.

Custom thumbnail

Idrett- og friluftslivstudentar får delta i og lære gjennom varierte aktivitetar både inne og ute – og med både praktisk og teoretisk tilnærming. Ekskursjonar og aktivitetar i naturen er gjerne den beste måten å lære gjennom.

Her er eit utval av utdanningar vi tilbyr innan idrett eller friluftsliv:

Custom thumbnail
Idrettsstudent støter kule.

Gode grunnar til å studere Idrett og friluftsliv i Volda:

Naturen: Den spektakulære sunnmørsnaturen er leikegrinda di som student. Frå kvasse tindar til flotte fjordar, skog, fjære, fjell, snø, vatn og sjø – i Volda har du tilgang på alt som gjer det deilig å vere ute.

Anerkjent internasjonal tittel: Bachelorgradprogrammet friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda kvalifiserer etter ein anerkjent internasjonal standard, som gjer at studentane kan kvalifisere seg til den høythengande tittelen International Mountain Leader.

Gode fasiliteter: Visste du at Høgskulen i Volda har eiga øy? Vi har friluftsbase på Yksnøya, der vi mellom anna lærer om båtliv og overnattar ute. Vi har sjølvsagt tilgang på hallar og utstyret som trengs for å drive med det meste av idrettar. Studentidretten leiger også ut klatreutstyr, kajakkar og har eit av landets billegaste studentidrettslag. 

Kontakt med arbeidslivet: Vi har tett samarbeid med ulike aktørar i arbeidslivet gjennom heile studieløpet. Saman med Akademiet for personlig trening tilbyr vi flere studier tett knytta til yrkeslivet.  

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet!

Dyktige og kompetente lærarar: Har vi dei blidaste og mest energiske lærarane i landet? Det kan ikkje vere langt unna. Det er ingen tvil om at gjengen vår brenn for faget sitt og å dele dette med studentane. Sjå video av Elisabeth under her, så skjøner du at det er eit argument i seg sjølv for å kome til Volda. Fleire tilsette finn du her.