Bolk
Alle bokutdrag som blir kopiert og brukt som pensum i eit emne, må ifølgje Kopinor-avtalen rettigheitsklarerast. Dette skal ein gjere i Bolk, som tilbyr ei løysing både for klarering av innhald og levering av pdf-filer.
Høgskulen i Volda har vedtatt at ein berre skal tilby digitale kompendium til studentar. I Bolk vil du finne digitalt innhald frå både norske og utanlandske fagbøker. Dersom utdraga du treng ikkje er digitalt tilgjengelege frå Bolk, kan du skanne sjølv og laste opp pdf-fil til kompendiet.
Her er nokre kortfatta råd om kva ein må gjere og ikkje i Bolk:
- Bokkapittel: Desse må rettigheitsklarerast i Bolk. I utgangspunktet kan du bruke inntil 15 % av ei bok.
- Tidsskriftartiklar: Treng ikkje klarerast i Bolk. For digitale artiklar vil lenke til fulltekst stå saman med referansen i pensumlista. Dersom artikkelen ikkje finst digitalt, kan du skanne artikkel og dele pdf med studentane i Canvas. Merk at det berre er lov å bruke éin artikkel frå eit hefte/nummer pr. emne.
KORLEIS KOME I GONG?
Tilgang til Bolk får ein ved Feide-pålogging, men først må du bli registrert som brukar frå HVO. Ta kontakt med Bente Gunn Lien, bente.gunn.lien@hivolda.no Skriv namn, avdeling og mobilnummer i e-posten.
Du kan bestille Bolk-utdrag på to måtar:
- Direkte i Bolk: Dette er den "tradisjonelle" framgangsmåten. Pdf-filene blir tilgjengeleg for studentane i Canvas. Rettleiing (pdf)
- Direkte i Leganto: Dette er ein ny framgangsmåte. Pdf-filene blir tilgjengeleg for studentane i sjølve pensumlista. NB! Fungerer berre når det er eitt emne knytt til pensumlista. Rettleiing (pdf)
Det kan vere lurt å starte i god tid, men du bør vente til pensumlista er ferdigstilt frå biblioteket. Av og til kan det ta litt lenger tid med klarering, t.d. viss boka ikkje er registrert i Bolk eller ein treng utdrag som går ut over 15 %.
HJELP?
Klarering og ferdigstilling av kompendium må den enkelte emneansvarlege ta ansvaret for. Dersom du står fast, kan du få hjelp både i biblioteket og frå kontaktpersonar på avdelinga di. Bolk tilbyr også brukastøtte.
Kontaktpersonar på avdelingane:
- AHL: Sylvi Gulla Hovdenakk | Tlf. 70 07 50 15 | sgh@hivolda.no
- AKF: Kristin Røv | Tlf. 70 07 51 14 | kristin.rov@hivolda.no
- AMF: Kristine Sævik Bjørneset | Tlf. 70 07 51 54| kristine.saevik.bjorneset@hivolda.no
- ASH: Kari Stokke | Tlf. 70 07 51 33| kst@hivolda.no
Kontaktperson i biblioteket:
- Bente Gunn Lien | Tlf. 70 07 50 61| bentegl@hivolda.no
Bolk brukarstøtte: http://bolk.no/forside/kontakt
Tips: Det raskaste er å ringe!
System- og rapporteringsansvarleg HVO:
- Marit Vartdal Engeseth | Tlf. 70 07 51 19 | marit.vartdal.engeset@hivolda.no