Utdanningsfagleg kompetanse

Fagmiljøa med ansvar for dei ulike studietilboda ved HVO må ha relevant utdanningsfagleg kompetanse, jf. Studietilsynsforskriften § 2-3. I Forskrift til universitets- og høyskoleloven, (§ 3-8, 2024) vert utdanningsfagleg kompetanse forklart som "pedagogisk eller didaktisk kompetanse for å fremme læring, blant annet kunnskap og ferdigheter innen utvikling og gjennomføring av undervisning og veiledning på universitets- og høyskolenivå". 

Av Universitets- og høyskoleforskriften (§ 3-8, 2024) går det fram at for stillingane førstelektor, dosent, førsteamanuensis og professor “skal det minimum kreves formell opplæring, kvalitetsutvikling i egen undervisning, veiledning og vesentlige bidrag til utvikling av utdanningskvalitet”. Høgskulen i Volda har utvikla eit studietilbod for vitskapeleg tilsette innanfor pedagogikk, didaktikk og rettleiing, som ei tilrettelegging for vitskapleg tilsette som vil utvikle utdanningsfagleg kompetanse innanfor dei fagområda som denne forskrifta skisserer.  

 

For studieåret 2024-2025 vert følgande emne tilbydde:

HPE 206 Rettleiing av mastergradsstudentar (søknadsfrist gått ut)

HPE 207 Pedagogisk basiskompetanse  (søknadsfrist gått ut)

HPE 208 Rettleiing på kvantitativ metode (søknadsfrist gått ut)

HPE 209 Formidling i høgare utdanning  (søknadsfrist 20.11.2024)

Sjå meir informasjon nedanfor om innhald, arbeidsmåtar og datoar for samlingar for dei ulike emna.
 

Dei ulike emna som er utvikla ved Høgskulen i Volda:

Tilbod 2024 - 2025

Her finn du oversikt over tidspunkt for samlingane på dei ulike tilboda

HPE 206: Rettleiing av masterstudentar (søknadsfrist gått ut)

Veke

46

2

6

Datoar

13.-14.11.24

9.01.25

6.02.25

Mars

Kva

Samling 1

Samling 2

Samling 3

Eksamen

HPE 207: Pedagogisk basiskompetanse (søknadsfrist gått ut)

Veke

44

47

5

10

15

Datoar

29.10.24

21.-22.11.24

30.-31.01.25

4.-5.03.25

10.04.25

25.04.25

Kva

Samling 1

Samling 2

Samling 3

Samling 4

Samling 5

Eksamen

HPE 208: Rettleiing på kvantitativ metode. (søknadsfrist gått ut)

Veke

48

3

9

11

13

Datoar

26.11.24

15.01.25

25.02.25

12.03.25

Kva

Samling 1

Samling 2

Samling 3

Samling 4

Eksamen

HPE 209: Formidling i høgare utdanning. Søknadsfrist 20. november 2024

Veke

5

7

10

12

12

13

15

Datoar

30.-31.01.25

13.02.25

5.-6.03.25

19.03.25

20.03.25

27.03.25

10.-11.04.25

Kva

Samling 1: Praktisk undervisning

Samling 2: Gjennomføring av arbeidskrav 1

Samling 3: Kommunikasjonsmodellar og undervisningssdramaturgi

Innlevering av arbeidskrav 2

Samling 4: Bruk av kamera og mikrofon/filming av undervisning

Innlevering av arbeidskrav 3

Eksamen