Bolk

Alle bokutdrag som blir kopiert og brukt som pensum i eit emne, må ifølgje Kopinor-avtalen rettigheitsklarerast. Dette skal ein gjere i Bolk, som tilbyr ei løysing både for klarering av innhald og levering av pdf-filer.

Høgskulen i Volda har vedtatt at ein berre skal tilby digitale kompendium til studentar. I Bolk vil du finne digitalt innhald frå både norske og utanlandske fagbøker. Dersom utdraga du treng ikkje er digitalt tilgjengelege frå Bolk, kan du skanne sjølv og laste opp pdf-fil til kompendiet.

Her er nokre kortfatta råd om kva ein må gjere og ikkje i Bolk:

  • Bokkapittel: Desse må rettigheitsklarerast i Bolk. I utgangspunktet kan du bruke inntil 15 % av ei bok.
          
  • Tidsskriftartiklar:  Treng ikkje klarerast i Bolk. For digitale artiklar vil lenke til fulltekst stå saman med referansen i pensumlista. Dersom artikkelen ikkje finst digitalt, kan du skanne artikkel og dele pdf med studentane i Canvas. Merk at det berre er lov å bruke éin artikkel frå eit hefte/nummer pr. emne. 

KORLEIS KOME I GONG?

Tilgang til Bolk får ein ved Feide-pålogging, men først må du bli registrert som brukar frå HVO. Ta kontakt med Bente Gunn Lien, bente.gunn.lien@hivolda.no Skriv namn, avdeling og mobilnummer i e-posten. 

Du kan bestille Bolk-utdrag på to måtar:

  • Direkte i Bolk: Dette er den "tradisjonelle" framgangsmåten. Pdf-filene blir tilgjengeleg for studentane i Canvas. Rettleiing (pdf)
  • Direkte i Leganto: Dette er ein ny framgangsmåte. Pdf-filene blir tilgjengeleg for studentane i sjølve pensumlista. NB! Fungerer berre når det er eitt emne knytt til pensumlista. Rettleiing (pdf)

Det kan vere lurt å starte i god tid, men du bør vente til pensumlista er ferdigstilt frå biblioteket. Av og til kan det ta litt lenger tid med klarering, t.d. viss boka ikkje er registrert i Bolk eller ein treng utdrag som går ut over 15 %.

HJELP?

Klarering og ferdigstilling av kompendium må den enkelte emneansvarlege ta ansvaret for. Dersom du står fast, kan du få hjelp både i biblioteket og frå kontaktpersonar på avdelinga di. Bolk tilbyr også brukastøtte. 

Kontaktpersonar på avdelingane:

Kontaktperson i biblioteket:

Bolk brukarstøttehttp://bolk.no/forside/kontakt 
Tips: Det raskaste er å ringe!

System- og rapporteringsansvarleg HVO: